ELDHELS008 Demens og alderspsykiatri
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet er bygt opp om tema som samla femner dei utfordringar fagfeltet står ovanfor; førebygge, diagnostisere og behandle demens og psykiske lidingar som opptrer i høg alder. For å kunne yte tenester til desse pasientgruppene må ein ha spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi. Det vert sett fokus på juridiske og etiske utfordringar. Samarbeid mellom pårørande og hjelpeapparatet står sentralt. Emnet set søkelys på organisering av alderspsykiatriske tilbod i første- og andrelinjeteneste.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om demens og alderspsykiatriske sjukdommar, deira uttrykksformer og følgjetilstandar
- har omfattande kunnskap om ulike miljø- og kommunikasjonstiltak for eldre med demens og alderspsykiatrisk sjukdom, herunder kommunikasjonsutfordringar
- har avansert kunnskap i medikamentell behandling til eldre med demens og alderspsykiatrisk sjukdom
- har inngåande kunnskap om mestringsstrategiar hos pasientgruppa og deira pårørande
- har inngåande kunnskap om politiske føringar, samhandling og organisering av tenestene til personer med demens og deira pårørande
Ferdigheiter :
Studenten...
- kan søkje og kritisk vurdere kunnskap om personar med demens og alderspsykiatrisk sjukdom
- kan kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere aktuelle tverrfaglege tiltak på ein sjølvstendig måte i samarbeid med pasient og pårørande
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan formidle, kommunisere og anvende sin kunnskap innan fagområdet demens og psykiske lidingar hos eldre
- kan bidra til nytenking og innovasjon i fagområdet
- kan identifisere og analysere faglege og etiske utfordringar knytt til klinisk praksis og organisasjonsmessige utfordringar på fagfeltet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, simulering, sjølvstudium og gruppearbeid. På fellessamlingane vert det lagt opp til at studentane har korte framlegg for kvarandre med utgangspunkt i eigen praksis og arbeidskrav.
Undervisning for studentar med opptak i Haugesund vil primært vere på Campus i Haugesund.
Undervisning for studentar med opptak i Førde vil primært vere på Campus i Førde.
Utvalde førelesingar kan bli videooverført.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læingsaktivitetar må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Nærvær i 80 % studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning
2: Individuell innleveringsoppgåve, maks 500 ord
3: Innlevering gruppeoppgåve med obligatorisk munnleg framlegg, medstudentrespons og tilbakemelding frå lærar, maks 2500 ord.
Vurderingsform
Oppgåve
Individuell heimeoppgåve
Omfang: 4000 ord
Ny eksamen
Ved ikkje bestått leverer studenten omarbeida, skrifteleg oppgåve til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel