FE402 Anvendte øvingar i energiomstilling
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Gjennom ein serie av førelesingar og øvingar, vil studentane danne ei praktisk forståing for ulike former for fornybare energiteknologiformer. Øvingane vert gjennomført i grupper på 2-3 personar, der kvar gruppe skal levere ein rapport for kvar øving.
Dette kurset bygger på teoretisk kunnskap, ferdigheiter og kompetanse oppnådd i FE407, ved å nytte denne teorien til praktiske øvingar representative for dei som studentane kan møte seinare i si akademiske- og/eller arbeidskarriere.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Studenten vil utvikle kunnskap om å produsere hydrogengass gjennom elektrolyse, og konvertere hydrogengass til elektrisitet ved bruk av drivstoffceller.
- Studenten vil utvikle kunnskap om å fastsetje og diskutere potensialet for produksjon av vindenergi.
- Studenten vil utvikle kunnskap om å fastsetje effektane av vindhastigheit, bladhelling på vindturbinen og vindturbinen sin soliditet i høve energiproduksjon.
- Studenten vil utvikle kunnskap om å kalkulere direkte solarstråling for ein spesifikk lokalitet og samanlikne dette med både faktisk målte data og kommersielle programvarekalkulasjonar.
- Studenten vil utvikle kunnskap om å produsere det vanlegaste biodrivstoffet i Europa (RME-biodiesel), og fastsetje eventuelle miljøpåverknader av denne produksjonen.
- Studenten vil utvikle kunnskap om dei viktigaste parametrane for vasskraftproduksjon.
Ferdigheiter
- Studenten vil kunne bruke og montere vitskapleg utstyr ved gjennomføring av laboratorieøvingar.
- Studenten vil kunne måle, registrere og tolke resultat på ein systematisk, konsis og tydeleg måte.
- Studenten vil ha oversikt over og kunne fylgje helse- og sikkerheitsreglar.
- Studenten vil kunne rapportere og kommunisere komplekse prosedyrar og resultat til eit breitt publikum.
- Studenten vil kunne arbeide i grupper (lagarbeid).
Kompetanse
- Studenten vil kunne dei grunnleggande prinsippa innan kjemi, fysikk og biologi som er relevante for fylgjande teknologiar; biodrivstoff, solarenergi, vindenergi, vindressursar , elektrolyse og drivstoffceller.
- Studenten vil kunne førebu og gjennomføre vitenskapelige øvinger og rapportere og diskutere resultat og konklusjonar på vitskapleg vis.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
FE405 og FE407
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, gruppearbeid og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Mappevurdering
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått
Mappa består av:
- Fem gruppebaserte prosjektoppgåver med grupper på 2-3 studentar, omfang: minimum 2000 ord for kvar innlevering (ekskludert referanseliste).
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel