FK212 Fysikk
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
I fysikk er samspelet med matematikk gjennom å rekne på fysiske problemstillingar viktig. Læring i nødvendig elementær kjemi inngår i fysikkfaget, og praktiske forsøk eller laboratoriearbeid er sentralt. Nødvendig opplæring i forkurset og realfagkurset skjer på ein sikker og trygg måte.
Måleeiningar, rettlinja bevegelse, kraft og bevegelse langs ei rett linje, kraft og bevegelse i to dimensjonar, mekanisk energi, statikk, mekanikk i væsker og gassar, termofysikk, elektrisitet, lys, bølgjer, atomfysikk, grunnleggjande kjemi og kjernefysikk inngår i faget.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kandidaten har kunnskap om fysiske tema som er grunnlegjande for teknologiske fag.
- Kandidaten kjenner til fagets sentrale metodar, og kan definere og forklare dei viktigaste begrepa frå mekanikk, termofysikk, elektrisitetslære, atom- og kjernefysikk.
- Kandidaten kjenner til energibegrepet og energianvendelsar i moderne samfunn, og kan bruke det i fysiske problemstillingar.
- Kandidaten har kunnskap om kva krav som stillast til forsøk.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan rekne på kraft og bevegelse i to dimensjonar og på termofysiske problemstillingar.
- Kandidaten kan rekne med størrelsar og einingar i SI-systemet, og behersker omrekning mellom einingar.
- Kandidaten kan teikne koplingsskjema og gjere berekningar på enkle elektriske kretsar.
- Kandidaten kan gjennomføre forsøksarbeid på ein kvalifisert og sikker måte, gjere målingar, tolke resultata og skrive rapport.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan gjere greie for prinsipp for naturvitskapleg tenking.
- Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte seg av fysiske begrep og størrelsar.
- Kandidaten forstår samanhengen mellom fysikk og kjemi, og teknologiske anvendelsar.
- Kandidaten forstår fysikkfaget sine ambisjonar om å lage kvantitative modellar av fenomen i naturen.
Krav til forkunnskapar
Opptakskrav til Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveløysing og laboratorieøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjend deltaking på 4 laboratorieøvingar .
Vurderingsform
Mappe, vekt 40% (to 2-timars prøver, to 5-timarsprøver og to innleveringar).
Skriftleg eksamen, vekt 60%.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator og formelsamling(Tabellar og formlar i fysikk, Gyldendal).
Meir om hjelpemiddel