Hopp til innhald

GE448 Snø og snøskred

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Kursinnhald er delt inn i tre moduler: (1) prosesser i snødekke, (2) danning av snøskred og (3) evaluering og reduksjon av skredfaren. I den første modulen følger studentane snøen på veg frå atmosfæren til bakken med fokus på prosesser som fører til danning av lag i snødekke. I felt graver studentane snøprofiler og lærer å skilje lag i snøen med omsyn til kornstorleik, kornform, hardheit, tettheit og fuktegheit. I den andre modulen jobbar studentane med fysikken bak stabilitet og ustabilitet i snødekke, inkludert snømekanikk og bruddmekanikk. På ein til to feltdagar evaluerer studentane ustabilitet og romleg variabilitet gjennom ein rekke stabilitets- og skjærprøver. I den tredje og siste modulen blir studentane kjent med risikoakseptmodellen, skredvarsel, sikringstiltak, kartlegging av faresone inkludert snøskreddynamikk og modellering. Studentane får sjå eksemplar på risikoaksept og sikringstiltak på ein dagsekskursjon.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane vil ha:

  • kunnskap om korleis vêr og klima påverkar snøfordeling, frå småskala til fjellkjede-skala.
  • innsikt i de fysiske prosessane som fører til danning av snø i atmosfæren og omdanning av snø på bakken.
  • Kunnskap om ulike typar snøskred, skreddannings-prosessar, og måleteknikkar for å evaluere stabiliteten av snødekket.
  • Kunnskap om skredfareanalyse og sikrings.

 Ferdigheiter

Studentane kan:

  • vurdere en snøskredhending, med omsyn til dei underliggande fysiske prosessane på små- og storskala.
  • bruke konseptuelle og teoretiske argumenter i diskusjonen om utviklingen av skredrisiko over korte og lange tidsskalaer, og som følge av endringer i klimaet.
  • analysere data frå et bredt spekter av relevante kjelder for å løyse ulike spørsmål om snødekke, skredfare og relaterte prosessar.
  • identifisere og utnytte relevant forskingsresultat frå vitskapelege tidsskrift.

Generell kompetanse

Studentane kjem til å:

  • ha ein forståing av dei store tema, fakta og problemstillingar knytt til danning av snødekke og snøskred samt skredfarevurdering og
  • kunne lese, analysere og presentere snøskred relevant vitskapeleg litteratur og bruke relevant vitskapeleg terminologi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FY400 Fysikk

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid og 3-4 dagar med feltpraksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking i feltarbeid (3-4 dagar)
  • Innlevering av feltobservasjoner frå feltdagane i RegObs
  • Presentasjon på ein av feltdagane
  • Diskusjon av 2 vitskapelege artiklar

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • GE4-303 - Snø og snøskred - Reduksjon: 10 studiepoeng