Hopp til innhald

GE481 Ingeniørgeologi, geoteknikk og overvaking av ustabile fjellsider

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

  • Ingeniørgeologisk klassifisering av fjellmassar med fokus på diskontinuitetar, slik som foliasjon, forkastingar og sprekkar og deira skjerstyrke. Innføring i Q-systemet.
  • Spenningar i naturlege fjellskråningar, i tunnelar, utsprengde fjellskråningar og vegskjeringar.
  • Innføring i ulike typar instabilitetar i fjellmassar, slik som utglidingar langs enkel sprekkeflate, kileforma utgliding, utvelting, utgliding langs krumma plan eller langs plan med fleire sprekkeflater.
  • Innføring i datainnsamlingsmetoder og metodar for stabilitetsanalyse av fjellskråningar, berekning av sikkerheitsfaktor for planutgliding med hand, og med dataprogram. Ein dag i felt for å samla inn eigne data frå ei vegskjering.
  • Gjennomgang av ulike sikringstiltak mot utgliding.

 

  • Geotekniske eigenskapar til ulike lausmassar.
  • Spenningar i jord; totalspenning, poretrykk og effektiv spenning. 
  • Skjerfastheit/skjerstyrke.
  • Analysera og berekna sikkerheitsfaktor for translasjonsskred og rotasjonsskred i lausmassar - med hand og med dataprogram.

 

Den første eller andre veka i juni er obligatorisk og inkluderer førelesingar, felttur og øvingar om overvaking av ustabile fjellparti i Noreg. Ein av dagane i den veka går me opp til det ustabile fjellet Joasetebergi mellom Aurland og Flåm, og lærer om korleis fjellet er instrumentert og korleis det vert overvaka. Studentane skal seinare i veke føreslå eit oppsett for instrumentering av eit ustabilt fjellparti i Noreg som ikkje vert overvaka, eller tolka eit sett med data innsamla frå eit ustabilt objekt som vert overvaka. Dette forslaget, eller tolkinga skal presenterast munnleg.

Læringsutbytte

Studenten:

  • forstår omgrepet sikkerheitsfaktor for fjell- og lausmasseskråningar.
  • har innsikt i ulike metodar og ulike instrument som blir brukte for å overvaka ustabile fjellsider.

Studenten skal kunna:

  • klassifisere ulike lausmassar og fjellmassiv med omsyn på geotekniske og ingeniørmessige eigenskapar.
  • analysera stabiliteten til ein skråning ved å berekna sikkerheitsfaktoren med hand, med rekneark og med ulike dataprogram.

Studenten skal vera i stand til å:

  • gjera ein sensitivitetsanalyse for ei bestemt skråning og bestemma kva for variablar som er mest kritiske for ei potensiell utgliding.
  • designa og planleggja eit overvakingsprogram for eit ustabilt fjellparti.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

GE406: Geologi grunnkurs

GE407: Anvendt geofysikk

GE408: Mineralogi og petrografi

GE414: Strukturgeologi og tektonikk

FY400: Innføring i fysikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og felttur/feltarbeid (to dagar).

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjende øvingar, deltaking på feltarbeid/felttur, laga og framført ein presentasjon.  

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Linjal, kalkulator.

Meir om hjelpemiddel