GE491 Bacheloroppgåve i geologi
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Oppgåva skal veljast i samarbeid med faglærer, og vil normalt bli knytt opp mot oppdrag og forskingsprosjekt som instituttet er engasjert i eller formulert i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal:
- kunne samle inn og tolke data og presentere og diskutere resultatene i en skriftlig rapport
- ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid
- gjennomføre innsamling av datamateriale
- gjennomføre syntese-/analysearbeid
- presentere eit sjølvstendig arbeid skriftleg og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar
- søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
- meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk
Generell kompetanse
Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve kan kandidaten:
- gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige geologiske problemstillingar
- definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte
- gi ei balansert framstilling av temaet
- byggje opp og presentere ein fagrapport og kan formidle hovudtrekka i fagrapporten på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i geologi og geofare eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking på bachelorseminar i januar
- Munnleg presentasjon av oppgåve i grupper før innleveringsfristen
Vurderingsform
Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter: A-F.
Fagleg overlapping
- GE491 - Bacheloroppgåve i anvendt geologi - Reduksjon: 20 studiepoeng