Hopp til innhald

ID3-212 Humanfysiologi og treningslære

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Humanfysiologi og cellebiologi tek føre seg oppbygging og funksjonar til cella, ulike organ og organsystem, eksempelvis respirasjonssystemet, sirkulasjonssystemet, nervesystemet, energifrigjeringa, stoffskiftet og det endokrine systemet.

Treningslære tek føre seg planlegging, gjennomføring og testing av styrke- og uthaldstrening. Vidare tek det for seg bestemmande faktorar for styrke og uthald samt fysiologiske endringar som følgje av trening i ulike vev og vevsystem, eksempelvis muskel- og skjelettsystemet, nervesystemet, sirkulasjonssystemet og respirasjonssystemet. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har brei kunnskap om cellebiologi, humanfysiologi, treningslære
  • har brei forståing for faktorar som er viktige ved uthaldstrening samt fysiologiske  adaptasjonar til uthaldstrening
  • har brei forståing for faktorar som er viktig for styrketrening samt fysiologiske adaptasjonar til styrketrening
  • kan diskutere sentrale problemstillingar innan forskning knytt til styrke- og uthaldstrening

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap til å planlegge og tilpasse trening til ulike individ og til ulike treningsmål
  • kan gjennomføre relevant testing tilpassa ulike individ og ulike treningsmål

Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i relevante problemstillingar innan emnet
  • kan nytte fagleg kunnskap til å utarbeide treningsplanar og øktplanar for friske personar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, laboratorieøvingar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppeframlegging og praktiske timar (for eksempel laboratorieøvingar og uthaldstrening). Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om ferdigheit til å kunne gjennomføre testing tilpassa ulike individ samt ha kompetanse til å utarbeide treningsplanar for friske individ.

  • To godkjende skriftlege arbeidskrav, eit innan styrke og eit innan uthald

Vurderingsform

  • Del 1: Skriftleg individuell eksamen Tid: Fire timar. Vekting 50%.
  • Del 2: Skriftleg individuell eksamen Tid: Fire timar. Vekting 50 %.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel