ID3-223 Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet har gjennom teori og praktisk aktivitet fokus på fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv.
Hovudinnhald vil vere:
Barn og unge:
- Vekst, utvikling, fysisk yteevne og fysisk aktivitet hjå barn og unge
- Tidleg spesialisering og allsidig fysisk aktivitet/trening for barn og unge
- Intervensjonar med fysisk aktivitet i barnehage og skule
- Fysisk aktivitet som førebyggande tiltak for risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar hjå barn og unge
Vaksne:
- Individuell punktpraksis med treningsrettleiing for vaksne
Eldre:
- Alderdomsprosessar hjå eldre
- Intervensjonar med fysisk aktivitet for eldre
- Testing av eldre
- Tilretteleggjing og gjennomføring av trening av eldre
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar barn, unge og eldre si helse i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv
- har brei kunnskap om korleis teste barn, unge og eldre i ulike former for fysisk aktivitet som uthald og styrke
- har brei kunnskap om korleis evaluere fysisk aktivitet hjå barn, unge og eldre
- har brei kunnskap om intervensjonar som nyttar fysisk aktivitet for barn, unge og eldre
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende teoretisk kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av fysisk aktivitet og trening for barn, unge, vaksne og eldre
Generell kompetanse
Studenten
- kan leggje til rette for fysisk aktivitet for barn, unge, vaksne og eldre
- kan formidle forsking og fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Fullført første år av bachelorgraden Idrett, fysisk aktivitet og helse, årsstudium idrett, PT eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, praktiske økter, praksis og studentpresentasjonar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
Det er delvis lagt opp til førelesingar som blir avslutta med oppgåver som studentane presenterer i plenum. Undervisningsopplegget føreset at studentane førebur seg til undervisning og arbeider med stoffet mellom førelesingane. Emnet har punktpraksis (ca. 20 arbeidstimar) med individuell treningsrettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppeframlegging, praktiske timar og praksis. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om korleis fysisk aktivitet påverkar barn, unge og eldre si helse i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv og korleis leggje til rette for fysisk aktivitet for barn, unge, vaksne og eldre.
- Godkjent praksis og praksisrapport
- Eit godkjent skriftleg individuelt arbeidskrav
- Ei praktisk framføring i gruppe
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen. Tid: Seks dagar. Gradert karakter (A-F).