ING2048 Arbeidsmiljøet
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Studentane skal i emnet utvikle ei forståing av kva føresetnadar som må være til stades i ei verksemd for å oppnå eit fullt forsvarlig arbeidsmiljø ut frå ei enkeltvis og samla vurdering av faktorane i arbeidsmiljøet som kan verke inn på arbeidstakaren si fysiske og psykiske helse og velferd.
Fylgjande områder blir gjennomgått i emnet:
- psykososiale
- organisatoriske
- fysiske
- kjemiske
- biologiske
- ergonomiske
Emnet vil gje studentane kunnskap til å kartleggje farar og problem i ei verksemd, vurdere risikoen og å setje i verk tiltak for å redusere risikoen.
Arbeidsmiljølova med forskrifter ligg til grunn for å vurdere om arbeidsmiljøet er i samsvar med lovkrava.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten skal ha kjennskap til:
- Viktige lover, forskrifter og rettleiingar.
Studenten skal ha kunnskap om:
- Arbeidsmiljøloven sine krav og korleis desse skal ivaretakast.
- Områda innan det totale arbeidsmiljøet (psykososiale, organisatoriske, kjemiske, biologiske, fysiske og ergonomiske områder).
- Ulike faktorar i arbeidsmiljøet som representerer risiko og/eller helsefarlege eksponeringar.
- Konsekvensar for arbeidstakarane si helse dersom dei vert utsett for uheldige fysiske og psykiske belastningar.
- Eit helsefremjande arbeid som førebyggjer skader og sjukdomar slik at helse og tryggleik blir ivareteken.
Studenten skal kunne:
- Kartlegge og risikovurdere arbeidsmiljøet i ei verksemd.
- Vurdere om arbeidsmiljøet er i samsvar med krava i lovverket.
- Foreslå tiltak for å redusere risikoen.
Ferdigheit:
- Studenten kan planleggje og gjennomføre ei arbeidsmiljøkartlegging, og kan anvende krava i lov- og regelverk og ulike teoriar, prosessar og metodar for å vurdere faktorar i arbeidsmiljøet.
Generell kompetanse:
- Studenten kan finne lover og krav som gjelder for ei verksemd.
- Studenten kan forklare teori og omgrep på en enkel måte (skriftlig og munnleg).
- Studenten kan utveksle synspunkt med fagfolk og delta i faglege diskusjonar.
- Studenten kan skrive rapport frå ei arbeidsmiljøkartlegging.
- Studenten har erfaring med laboratoriearbeid.
- Studenten har erfaring med å jobbe i grupper.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ING161 Kjemi for ingeniører
ING2036 Systematisk HMS-arbeid
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, laboratoriekurs og prosjekt.
Det obligatoriske laboratoriekurset består av fleire øvingar som går over fleire dagar spreidd ut over semesteret. Av praktiske årsaker kan ikkje alle øvingane gjennomførast fleire gonger. Det er viktig at studentane gjer seg kjende med kva for dagar dei må være til stades, då ugyldeg fråvær kan føre til at studiekravet ikkje blir godkjent og ein mister eksamensretten i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
1) Godkjent obligatorisk laboratoriekurs.
2) Godkjent innlevering av podcast.
Vurderingsform
Del 1: Prosjekt, tel 40 % av endeleg karakter.
Prosjektet omhandler arbeidsmiljøfaktorar i ei verksemd.
Studentane jobbar med prosjektet under rettleiing i løpet av semesteret.
Sluttrapporten vert vurdert.
Del 2: Skriftleg eksamen, 5 timar, tel 60 % av endeleg karakter,
Gradert karakter A - E / F (stryk).
Begge delane må være greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skoleeksamen, skriftlig: Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
Meir om hjelpemiddel