JU5-104 Forvaltningsrett
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Forvaltningsrett er rettsreglane om organisering, ansvarstilhøve og kompetanse til å treffe avgjerd i offentleg forvaltning, og om dei rettane og pliktene private har overfor forvaltninga. Med offentleg forvaltning meiner ein organ for stat, kommune og private som tek avgjerd på vegne av offentleg forvaltning om rettar og plikter for private rettssubjekt. Organ kan vere administrative organ som til dømes Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim, eller kollegiale organ som til dømes styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller kommunestyret. Stortinget og domstolane vert i denne samanhengen ikkje rekna som ein del av forvaltninga. Emnet omfattar ikkje den samla forvaltningsretten, men konsentrerer seg om dei reglane som regulerer forvaltningsprosessen (forvaltningsloven).
Læringsutbytte
Generell kompetanse
Etter avslutta emne skal studentane ha ei oversikt over den alminnelege forvaltningsretten og grundig kjennskap til reglane om forvaltninga si sakshandsaming slik dei er gitt i forvaltningslova inkludert reglane om klage på og omgjering av vedtak.
Kunnskap
Oversikt over forvaltingsretten med vekt på forvaltningslova og offentleglova, forvaltningsorgana og deira verksemd. God oversikt over dei reglane som regulerer enkeltvedtak (fastsetting av rett og plikt for private rettssubjekt.)
Ferdigheiter
Å kunne nytte reglane som regulerer forvaltningsprosessen (forvaltingsloven) skal i konkrete einskildsaker.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Examen fakultatum/juridisk forprøve (JU5-100) og Arve- og familierrett (JU5-106)
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar og øvingsoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i gruppe. Inntil 3 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid. Ein kan verte pålagt å levere utkast til mindre skriftlege arbeid i samband med seminar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.
Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling, Doms- og kjennelsessamling (godkjent til eksamen) samt norsk/nynorsk ordliste.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- JU6-1003 - Forvaltningsrett - Reduksjon: 7,5 studiepoeng