KRO805 Fysisk aktiv læring
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Studiet er bygd opp rundt desse innhaldselementa:
- Bevegelse integrert i undervisninga, modellar og teoriar om aktuelle læringsformer
- Forskingsstatus for kunnskap om fysisk aktiv læring
- Ressursar i fysisk aktiv læring, basar, utstyr og arbeidsmetodar
- Metodar for planlegging, observasjon, vurdering og refleksjon av fysisk aktiv læring og eigen praksis
- Metodar for utvikling i eit profesjonsfellesskap
Studiet er sett saman av 5 modular, og vert avslutta med ein praktisk eksamensmodul.
Kvar modul inneheld eit eller fleire tema som kandidaten skal ha fokus på.
Modulen er bygd opp av prinsippa; planlegging, gjennomføring og etterarbeid.
- Planlegging av undervisningsforløp i eigen praksis der fysisk aktiv læring er integrert
- Gjennomføring av undervisningsforløp
- Refleksjon på eigen og medstudenter sin praksis.
Modulane byggjer på kvarandre.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
• har inngåande kunnskap om teori og forsking i fysisk aktiv læring (FAL), og kva effektar ein kan oppnå gjennom bruk av metodikken
• har avansert kunnskap om teoretiske perspektiv på fysisk aktivitet integrert i undervisninga og læringsprosessar i skulen
Ferdigheiter
Studenten
• kan analysere læringsprosessar, og ut frå det kritisk anvende teoretiske kjelder til å planlegge undervisning der FAL er naturleg integrert
• kan gjennomføre prosessar med vurdering og refleksjon av FAL integrert i undervisninga med utgangspunkt i relevant teori
• kan bruke kunnskap om ulike perspektiv på organisering og leiing av læringsprosessar i arbeidet med FAL på ein sjølvstendig måte
• har ferdigheiter til å kunne styrke og vurdere elevane sine læringsprosessar gjennom FAL
Generell kompetanse
Studenten
• kan planlegge, gjennomføre og vurdere læringsløp med FAL inkludert, og samstundes reflektere fagleg kring eigen praksis
• kan bruke kunnskap om FAL og reflektere over korleis det virkar på elevane, og i tillegg reflektere over eiga faglege utvikling
• kan legge til rette for eit variert læringsmiljø som er tilpassa, motiverande, og meiningsfylt for både klassa, gruppa og kvar enkelt elev
• kan bidra til nytenking og innovasjon rundt FAL, kan legge til rette for reflekterande prosessar på eigen skule, og bidra til at FAL blir ein del av skulen sin opplæringspraksis
• kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fysisk aktiv læring både til spesialistar, eigne kollegaer på skulen og allment.
Krav til forkunnskapar
Vidareutdanninga er eit tilbod i Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL). Deltakarane på utdanninga må vere tilsette på ein skule som deltek i SEFAL si kompetanseheving.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeid med videoar og tilviste nettressursar og litteratur.
Synkrone nettsamlingar (i sanntid) med fokus på refleksjonsprosessar.
Vurdering og refleksjonsprosessar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennomført prosessar og godkjent innlevering individuelt og/eller i gruppe, for kvar modul.
Vurderingsform
Praktisk eksamen i gruppe, omfang 120 min.
Karakter: bestått/ikkje bestått.
Skriftleg førebuing på minimum 3 veker.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel