MA415 Matematikk brukaremne
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
MA415 er det fyrste av to brukartilpassa emne i matematikk for graden bachelor i fornybar energi og skal saman med FE404 gi studentane det matematiske grunnlaget dei treng for å løyse tverrfaglege problemstillingar innan fornybar energi. Emnet gir ei innføring i matematiske tema som geometri, trigonometri og kalkulus, samt korleis matematiske metodar og modellar er integrert i problemstillingar innan fornybar energi.
Læringsutbytte
Emnet skal gi studentane ei innføring i korleis ein kan nytte matematikk til å handtere ulike relevante problem, samt kjennskap til nokre matematiske metodar dei kan nytte for å løyse desse problema. Vidare skal emnet skal gi studentane grunnleggande matematisk handlingskompetanse til å løyse tverrfaglege problemstillingar innan fornybar energi.
Kunnskap
Studenten har
- kunnskap om relevante geometriske former og om korleis ein kan berekne areal og volum av desse
- kunnskap om trigonometriske identitetar
- kunnskap om løysingsmetodar for lineære og andregradslikningar
- kunnskap om eigenskapar til grunnleggande funksjonar som polynomfunksjonar, eksponentialfunksjonar og trigonometriske funksjonar
- kunnskap om derivasjon og integrasjon av funksjonar bygd opp av grunnleggande funksjonar.
Ferdigheiter
Studenten kan
- handtere grunnleggande matematiske problem innan fornybar energi
- nytte trigonometri på enkle geometriske situasjonar
- gjennomføre drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel
- gjennomføre grunnleggande matematisk modellering og velje passande metodar for å løyse desse modellikningane
Kompetanse
Studenten
- har kjennskap til sentrale matematiske metodar og kan nytte desse til å løyse praktiske problemstillingar innan fornybar energi
- kan forstå og vurdere grunnleggande matematiske modellar og grunngi eigne utrekningar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, diskusjonar, innleveringar og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre (3) skriftlege innleveringar knytt til emnet sitt matematikkfaglege tema. Tre av tre innleveringar må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator (ikkje programerbar)
Meir om hjelpemiddel