Hopp til innhald

MASA645 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva skal vise korleis samfunnsarbeid som teori og metode kan bidra til å påverke vilkår for sosial deltaking for ei gruppe menneske knytt til eit fellesskap (til dømes interesse, geografisk, organisatorisk) på ein eller fleire sosiale arenaer som er relevante for dei. Mastergradarbeidet kan være en undersøking av teoretiske, praktiske eller metodiske sider ved samfunnsarbeid som handling.

Mastergradsarbeidet kan være eit frittståande arbeid eller gå inn som ei avgrensa men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt, eller byggje på tilgjengelege data frå avslutta forskningsprosjekt eller registerdata.

Masteroppgåva kan skrivast som eit individuelt prosjekt eller som eit fellesprosjekt for to studentar. Når to studentar skriv felles masteroppgåve, må det gå tydeleg fram av arbeidet korleis dei har arbeid saman. Studentane har eit sjølvstendig ansvar for å vise korleis begge har bidrege til det ferdige produktet. Elles gjeld og høgskulens eigne retningslinje for masteroppgåva som ligg på nettsidene om eksamen.

Det kan søkast om å skrive oppgåve tilsvarande 30 studiepoeng på bakgrunn av innpassing av andre relevante emne.

Masteroppgåva skrivs i tråd med Rettleiar for masteroppgåva ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no). Studenten fyller ut ein rettleiiningsavtale og sender denne til rettleiar så tidlig som mulig etter forventa oppstart på masteroppgåva. Avtalen skal signeres i etterkant av at temaet og metoden for masteroppgåva er valgt. Studenten, rettleiar eventuelle medrettleiiar og emneansvarleg skal signere avtalen.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om samfunnsarbeidet sitt grunnlag, teoriar og metodar, og kan anvende desse innanfor fagområdet
  • har spesialisert innsikt i det teoretiske og empiriske feltet som mastergradsoppgåva handlar om

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysera og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturera og formulera faglege argument
  • kan arbeide sjølvstendig med teoretiske og praktiske oppgåver
  • kan bruka relevante forskingsmetodar til å analysera vitskaplege problemstillingar

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har erfaring og kompetanse til å utforme ei forskbar problemstilling, planlegge forskingsarbeidet, gjennomføre forskingsprosessen og dokumentere dette i tråd med ålment aksepterte vitskapelege standardar.
  • kan bidra til kunnskapsutvikling i samfunnsarbeid gjennom å identifisera handlingsrom og vilkår for sosial deltaking
  • kan presentera og formidla denne kunnskapen munnleg og skriftleg til fagfeller og til dei det gjeld

Krav til forkunnskapar

Emna i 1. studieår må vera godkjende før studenten kan starte arbeidet med masteroppgåva. Alle emna i fyrste og andre studieår tilsvarande 75 sp må vera bestått før studenten kan levera inn masteroppgåva til vurdering

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva går føre i tredje og fjerde semester. Student og rettleiar skal utarbeide og underskrive rettleiingsavtale ifølgje det til ei kvar tid gjeldande regleverket ved høgskulen. Avtalen følgjer studenten.

Sjølvstudium, skriveseminar, tekstseminar, sluttseminar og førelesningar. Gi og få tilbakemeldingar på eigne og andre sine tekstar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjend før studentane kan llevere masteroppgåva::

1. gjennomført sluttseminar

2. Minimum 5 rettleingstimar

Vurderingsform

Masteroppgåva gjennomføres individuelt eller som eit samarbeidsprosjekt mellom to studentar, og kan skrivast på eit skandinavisk språk eller på engelsk etter avtale med rettleiar. Sjølvvalgt litteratur 3000-4000 sider inngår i referanselista i masteroppgåva.

Studentane kan velje ulike former på masteroppgåva og dei vanlegaste formene er monografi og artikkel med kappe. 

Alternativ 1: Monografi med eit omfang på 15.-000- 25.000 ord. Tittelside, innhaldsliste, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. 

Alternativ 2: Vitskapleg artikkel som tilfredsstiller kvalitetskrava til eit referee bedømt nasjonalt eller internasjonalt tidsskrift: Samanbinding eller "kappe" på inntil 10000 ord +/- 10%, samt artikkel svarende til tidsskriftets retningslinjer (3500-7000 ord).

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.

Det er ikkje tilgang til å levere ny eller revidert masteroppgåve ved bestått resultat.