Hopp til innhald

MGBNO401 Norsk 2, emne 2 - Språk, kultur og litteratur 2

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Norsk 2 Språk, kultur og litteratur (MGBNO401) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget. Emnet ligg i 3. studieår, 2. semester og går parallelt med Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1 (MGBNO301).

Emnet gir meir omfattande kunnskap om sentrale litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga, særleg på mellomsteget, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane skal også  vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om litteratur for barn og unge, frå ulike tider og frå ulike kulturar
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har omfattande kunnskap om språkets retoriske funksjonar, munnleg kommunikasjon, og vidare lese- og skriveopplæring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap frå norsk-, skandinavisk- og engelskspråkleg faglitteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skrive, diskutere og arbeide med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium og frå ulike tider og kulturar
  • kan bruke kunnskap om retorikk og kommunikasjon i arbeid med ulike munnelege sjangrar
  • kan bruke og vurdere relevante arbeidsmåtar og læringsressursar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som litteratur-, kultur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingshistoriske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
  • kan sjå faget i samanheng med dei fagovergripande tema fleirkultur, estetiske læreprosessar og berekraft.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 2 Språk, kultur og litteratur (MGBNO401) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa (MGBNO101) og Norsk 1 mellomsteget (MGBNO201).

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Emnet har varierte arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivtetar som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og fagleg arbeid i større og mindre grupper i undervisningsøktene. Studentane skal vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Studentane har to arbeidskrav i emnet. Dei to arbeidskrava ivaretar samla sett krav om munnlegheit, forskingsmetode og dei fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved semesterstart. 

Vurderingsform

Studenten skal skrive FoU-oppgåve enten i emne MGBNO301 eller MGBNO401.

Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i gjeldande emne, MGBNO401, er eksamen denne:

  • Individuell eller parvis skriftleg FoU-oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri. Vekting: Oppgåve 50 % og munnleg eksamen 50 %. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i emne MGBNO301, er eksamen i gjeldande emne, MGBNO401, denne:

  • Mappevurdering av to av i alt tre innleverte tekstar og munnleg eksamen. Skriftspråk: Bokmål og nynorsk. Vekting: Mappetekstar 50% og munnleg eksamen 50%. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

  • FoU-oppgåve: alle
  • Munnleg eksamen: ingen
  • Mappevurdering: alle

Meir om hjelpemiddel