Hopp til innhald

MGUKØ503 Kroppsøving 3, emne 3 - Teori og forsking i kroppsøving og profesjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet inneber fordjuping innan utvalde tema og problemstillingar relevante for å utvikla studenten som sjølvstendig profesjonsutøvar og bidragsytar til kroppsøvingsfagleg forsking og utvikling. 

Emnet kan settast saman på ulike måtar ut frå tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikla lærarprofesjonalitet og kroppsøving som fag. Sentralt er å setja studentane sjølve istand til å utvikla kunnskapar om lærarpraksis, undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis teori, forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen. 

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngående forståelse om sjølvalgte tema og problemstillingar i kroppsøvingsfaget
  • har innsikt i utviklingen av sin rolle som profesjonell yrkesutøvar
  • har inngåande kunnskap om lærarprofesjon i forhold til sjølvalgt tema og problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera kroppsøvingsfaglege problemstillingar basert på kunnskap om kroppsøvingsfagets eigenart, verdigrunnlag, historie og gjeldande læreplanar 
  • kan planlegga, gjennomføra og vurdera utforskande undervising i kroppsøving med tanke på fagleg og pedagogisk utvikling 
  • kan bruka ulike teoretiske perspektiv i analyse av kroppsøving, lærarpraksis og utvikling av profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
  • kan anvende nasjonal og internasjonal forskning med tanke på fagleg utvikling knytt til eige prosjekt 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til profesjonsutvikling og til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skule
  • kan bidra til forsking og  utviklingsarbeid som fremmar fagleg og pedagogisk nytenking i kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kroppsøving 60 studiepoeng i syklus 1 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til. 

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Skrive eit pedagogisk credo med refleksjonar knytt til lærarprofesjonalitet
  • Prosjektskisse for masterprosjekt

 

Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei to følgjande semestra etter godkjenninga. Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Fagessay (over gitt eller sjølvvald problemstilling), 2500 ord (+/- 10 %).

Karakter: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel