Hopp til innhald

MGUKØ401 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.

Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Ein sentral del av emnet er FoU-oppgåva på 7,5 studiepoeng i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap (fag 1).

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om profesjonsrettet og praksisorientert forsking og utviklingsarbeid med relevans til kunnskapsproduksjon i kroppsøving.
  • har kunnskap om kroppsøving og innsikt i relevante fagdidaktiske problemstillingar i arbeid mot profesjonsfagleg utvikling.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
  • kan gjennomføra forsknings- og utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
  • kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
  • kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving 
  • kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane
  • Deltaking på turar/ekskursjonar
  • Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve (fag 1)
  • Friluftsliv med overnatting 

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett. Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

  • Del 1: FoU-oppgåve. Vekting 50 %.
  • Del 2: Praktisk eksamen: Ein praktisk eksamen der studenten planlegger og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over fagdidaktiske problemstillingar med sikte på å utvikle eiga undervisning og læring i kroppsøving. Vekting 50 %.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen. Vekting er 50 % på kvar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel