MGUKØ402 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.
Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Ein sentral del av emnet er semesteroppgåva på 7,5 studiepoeng.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving
- har kunnskap om kroppsøving og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
- kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
- kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen
- kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane
- Deltaking på turar/ekskursjonar
- Framdriftsseminar med presentasjon knytt til semesteroppgåve
- Friluftsliv med overnatting
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett. Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
- Del 1: Semesteroppgåve.
- Del 2: Praktisk eksamen: Ein praktisk eksamen der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring.
Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen. Vekting er 50 % på kvar.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel