Hopp til innhald

MGUKØ501 Kroppsøving 3, emne 1 - Vitskapsteori, fag og metode

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I emnet skal studentane lære om vitskapsteoretisk og forskningsetiske refleksjonar og val, og se samenhengar mellom desse. Sentralt står det å forstå og kunna bruke ulike forskningsmetodar. Og studentane skal arbeide med å utvikla og grunngje problemstillingar relatert til kroppsøving og det å vere lærar i grunnskolen.

I emnet gis det eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike vitskaplege perspektiv og teoriar og deira relevans for kroppsøvingsforsking generelt og forskingsmetodiske tilnærmingar spesielt. Kritisk, kroppsøvingsfagleg og etisk vurdering av forskingslitteratur, tolkingspremiss og framgangsmåtar i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar utgjer ein vesentleg del av emnet. 

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskapsteori og forskingsetikk 
  • har innsikt i ulike forskingsdesign 
  • har inngåande kunnskap om utvalde forskingsmetodar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere problemstillingar knytt til profesjonsfag og bruke slik innsikt med tanke på forskings- og utviklingsarbeid
  • kan formulera problemstillingar og grunngje korleis desse heng saman med eksisterande kunnskap i kroppsøving og val av forskingsmetodar
  • kan lesa og tolka resultat frå ulike vitskapstradisjonar og med ulik metodetilnærming.
  • kan kritisk vurdera rolla til forskaren i forskinga

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektera kring relevante faglege og etiske problemstillingar 
  • kan bidra til fagleg utvikling på den enkelte skule

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gjennomført GLU syklus 1 med 60 studiepoeng Kroppsøving gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.  .

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, bruk av analyseverktøy, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

To skriftlege innleveringar: ei knytt til forskningsetikk og ei knytt til forskningsmetode.

Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei to følgjande semestera etter godkjenninga.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel