Hopp til innhald

MGUMA302 Matematikk 2, emne 1 - Perspektiv på matematikkfaget

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet MGUMA302 (GLU 5-10) vert samkøyrt med emnet MGBMA302 (GLU 1-7).

I Matematikk 2 fordjupar studentane seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglege temaa frå Matematikk 1. Fokus er her meir konsentrert og forskingsretta enn i Matematikk 1.

Matematikk 2 er delt opp i følgande emne:

  • Emne 1: Perspektiv på matematikkfaget (15 studiepoeng)
  • Emne 2: Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk (15 studiepoeng)

Denne planen omtalar emne 1.

Til saman dekker emne 1 og 2 læringsutbyttet for Matematikk 2 skildra i dei Nasjonale retningslinjene for Grunnskulelærarutdanninga 5-10.

Emne 1 har fokus på tre sentrale perspektiv knytt til matematikkfaget.

  • Matematikk som allmenndannande fag og matematikk i samspel med andre fag, naturfag, filosofi og samfunnsutvikling.
  • Matematikkfagets betydning for utvikling av elevars kritiske demokratiske kompetanse.
  • Tilpassa opplæring.

Matematikkfaglege tema i emne 1 er statistikk, funksjonslære og modellering. Gjennom arbeidet med emnet skal studentane få innsikt i sentrale omgrep innanfor desse temaa. I emnet skal studentane studera matematiske modellar si rolle og bruk i eit fagleg prosess- og danningsrelatert perspektiv. Det vil bli lagt vekt på didaktiske ferdigheiter i å vurdera læring og i å leggja til rette for tilpassa opplæring for alle elevar.

Læringsutbytte

 Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har

  • kunnskap om funksjonslære, statistikk og matematiske modellar med særleg vekt på progresjon i desse emna gjennom grunnskulen
  • inngåande kunnskap om interaksjonsmønster, kommunikasjon og språket si rolle for læring av matematikk
  • kunnskap om matematikkdidaktisk forskning med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si læring i faget

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke digitale verktøy til illustrasjon, simuleringar og berekningar knytt til matematiske modellar
  • gjennomføre enkle kvantitative undersøkingar
  • formidle spesialkunnskap innan eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfaglig emne
  • vurdere elevars læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • tilpassa opplæringa i matematikk ut frå elevane sine behov og gjeldande læreplan
  • kommunisera med elevar, lytta til, vurdera, gjera bruk av elevar sine innspel og stimulera elevar si matematiske tenkning i arbeid med statistikk, funksjonslære og modellering.

Generell kompetanse

Studenten har

  • forståing for matematikk som allmenndannande fag og matematikkfagets betydning i samspel med andre fag, kultur, filosofi og samfunnsutvikling
  • forståing for matematikkfagets betydning i utvikling av kritisk demokratisk kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1

Undervisnings- og læringsformer

Detaljar i samband med organisering av undervisning i emnet vil kome fram i semesterplanen som blir utdelt ved emnets start.

Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskulen, og som skal gi grunnlag for diskusjonar om skulens arbeidsformer.

Det blir brukt forelesningar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Delar av pensum er sjølvstudium, og det er anbefalt at lærestoffet vert bearbeidd i kollokviegrupper. Rettleiing inngår som ein naturleg del i dei fleste aktivitetane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre arbeidskrav:

  • 2 arbeidskrav knytt til emnets matematikkfaglege og didaktiske tema.
  • 1 arbeidskrav knytt til praksis. Det skal leverast ein skriftleg rapport.

Eitt av arbeidskrava skal vere knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv. Ytterlegare presiseringar knytt til om arbeidskrava er individuelle eller i gruppe, og om dei er skriftlege eller munnlege går fram av semesterplanen.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Informasjon om tillatne hjelpemiddel vert gitt av emneansvarleg faglærer. 

Meir om hjelpemiddel