MGUMU201 Musikk 1, emne 2 - Eleven og den musikkulturelle konteksten
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
MGUMU201 Musikk 1, emne 2 er ein del av Musikk 1 for GLU 5.-10. trinn.
Emnet vert undervist som fag 1 i fjerde semester.
Musikk 1, emne 2 byggjer vidare på den utøvande verksemda og formidlinga frå Musikk 1, emne 1.
I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd, skaping og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar, knytt opp mot kjerneelementa i fagfornyinga (2020), som inneber å utøve-, lage-, og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing.
Studentane skal vidare arbeide med problemstillingar knytt til digital dømekraft, profesjonsfagleg digital kompetanse, musikkhistorisk medvit, norsk og samisk folkemusikk, relevante fagomgrep for grunnskulen, kjønnsmedvit, musikk som oppleving og erfaring, musikk som identitetsmarkør og dei tverrfaglege temaa i grunnskulen.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har forskingsbasert kunnskap om læring, estetiske og kreative læreprosessar og ulike tilnærmingar til progresjon i musikkundervisning
- har grunnleggjande kunnskap om- og erfaring med musikk og musikalske verkemiddel frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar - og kan setje dette i samanheng med grunnskulens musikkfag
- har kunnskap om analoge og digitale læringsverktøy for musikkfaget, og kan vurdere desse kritisk
- har grunnleggjande kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet og i skulen
Ferdigheiter
Studenten
- kan formidle musikk gjennom ulike uttrykksformer
- meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar til bruk i musikkundervisning
- kan improvisere og komponere med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy, og utforme enkle musikkarrangement til bruk i musikkundervisning
- kan bruke og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer som bidreg til tilpassa musikkopplæring
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere
- kan initiere fagleg samarbeid og legge til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid,
- kan ta i bruk musikk som ressurs i arbeid med grunnskulen sine tverrfaglege tema
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Musikk 1, emne 1 (MGUMU101).
Det er ein fordel å ha grunnleggjande ferdigheiter i song, og spel på akustiske, elektriske og/eller digitale instrument.
Undervisnings- og læringsformer
Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format. Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.
Arbeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eitt av arbeidskrava, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan det aktuelle arbeidskravet takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.
Arbeidskrava vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente arbeidskrav er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Arbeidskrav:
- Aktiv deltaking på kurs i regi av biblioteket, i akademisk skriving
- Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning
- Ei skriftleg oppgåve. Retningslinjer for arbeidet vert publisert i læringsplattform.
- Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag. Retningslinjer for arbeidet ved publisert i læringsplattform.
- I dette emnet blir det normalt gjennomført ein ekskursjon til Ole Bull Akademiet på Voss. Kurs og overnatting er gratis, men studentane må berekne kostpengar (700) og reisekostnadar. For studentar som ikkje deltek, vert det høve til å søkje om eit kompensatorisk arbeidskrav.
Retningslinjer for arbeidet vert publisert i læringsplattform.
Vurderingsform
Praktisk eksamen med individuell vurdering, inntil 30 min. Planlegge og gjennomføre eit musikkdidaktisk undervisningsopplegg.
Innhald og informasjon om gjennomføring: sjå retningslinjer som ligg føre ved eksamenstart.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel