Hopp til innhald

MGUNO503 Norsk 3, emne 3 - Prosjektførebuande emne

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om våren fjerde år. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Emnet skal sikre den vitskaplege forankringa av studenten sitt eige masterprosjekt. I emnet skal studenten utvikle ei reflektert forståing av vitskapsteori, metodologi og akademiske skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet. Emnet skal setje studenten i stand til å vurdere og delta i forskings- og utviklingsarbeid knytt til norsk språk og litteratur, norskdidaktikk og profesjonsutøvinga i faget. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om vitskapsteoretiske tema med relevans for det norskdidaktiske feltet og profesjonsutøvinga av faget
  • har avansert kunnskap om relevante forskingsmetodar
  • har inngåande kunnskap om forskingsetiske spørsmål
  • har inngåande kunnskap om sentrale problemstillingar, forskingstradisjonar og skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utarbeide og grunngje design for eige forskingsprosjekt (masteroppgåva)
  • kan kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn, både opp mot eige forskingsprosjekt og profesjonsutøvinga av faget
  • kan analysere og drøfte akademiske tekstar frå nasjonal og internasjonal forsking med vekt på metodologi, relevans, argumentasjon og skrivestil
  • kan vurdere og reflektere over forskingsetiske sider ved eige prosjektdesign og vise denne innsikta på ein transparent måte
  • kan planlegge og gjennomføre undervisning som gjev elevar innsikt i kva vitskapleg kunnskap er, og korleis slik kunnskap blir utvikla og formidla

Generell kompetanse

Studenten

  • kan med forankring i teori vurdere og bidra til å utvikle norskfaget og norskundervisninga
  • kan bidra til formidling og utvikling av forskingsbasert kunnskap på arbeidsplassen
  • kan utøve forskingsetisk og yrkesetisk skjønn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1 og 2 (60 sp) i syklus 1, og Norsk 3 emne 1 og 2 (30 sp) i syklus 2, eller tilgrensande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar og seminar. Ein føreset at studentane arbeider sjølvstendig, stiller godt førebudde til undervisning og deltek aktivt undervegs i studiet. Det vert organisert kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Halde eit seminarinnlegg (munnleg) om ein norskfagleg metode
  2. Skrive eit framlegg til prosjektskildring og kommentere ein medstudent sitt framlegg (skriftleg).

Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne melde seg opp til eksamen. Studentar som ikkje har godkjent eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

 

Vurderingsform

Oppgåve, 3000 ord. Prosjektskisse for masteroppgåva etter oppsette kriterium. Det blir gitt rettleiing i arbeidet med prosjektskissa.

Språk: Norsk, valfri målform

Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel