MGUPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
I dette emnet er det didaktiske møtet mellom elev, lærar og lærestoff sentralt. Kandidaten skal få kunnskap om den sosiale, faglege og personlege læringa og utviklinga til elevane, og innsikt i korleis ein legg til rette for gode læringsprosessar hjå elevane. Emnet er det første av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap, og er lagt til haustsemesteret første studieår. Tema i emnet:
- Introduksjon til pedagogikk som fag og forskningsfelt
- Danning, oppseding og utdanning
- Didaktikk
- Lærarrolla og klasseleiing
- Læring, motivasjon og utvikling
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskaper
Kandidaten
- har kunnskap om skulen sitt mandat og pedagogisk grunnlagstenking
- har brei kunnskap om læring, motivasjon og barns utvikling
- har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp
- har kunnskap om observasjon som metode
- har brei kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter
Ferdigheter
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon
- kan bruke fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring og undervisning
- kan bruke forskingsbasert kunnskap til å utøve god klasseleiing
- kan samarbeide om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere eigen og andre si undervising med utgangspunkt i eksisterande rammefaktorar og gjeldande læreplanverk
- kan bruke observasjon som metode
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vil vere varierte undervisningsformer med vekt på studentaktivitet. Gjennom arbeidet med emnet vil det vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege, organisert individuelt eller i grupper. Det er ein føresetnad at studentane arbeider med lærestoffet på eiga hand.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
- 2 skriftlege oppgåver
- 1 munnleg framføring
- Observasjonsoppgåve
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.
Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- KRO1003 - Profesjonsfag: Lærarrolla og elevane si læring og utvikling - Reduksjon: 15 studiepoeng