Hopp til innhald

MGUSA302 Samfunnsfag 2, emne 1 - Fordjuping i samfunnsfag 1

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinnet med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Samfunnsfagsstudiet grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Internasjonale emne er sentrale. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Noko av pensum er på engelsk. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytte til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har djupnekunnskap om urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder, og bruke dette til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa 
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA102 og MGUSA202

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal gjennomføre to obligatoriske arbeidskrav. Oppgåve og/eller aktivitet blir vidare gjort rede for i undervisningsplanen. 

Studenten må delta i ein aktivitet som omhandlar tema "ressursforvalting og /eller berekraftig utvikling". Oppgåva blir vidare gjort rede for i undervisningsplanen.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i utdanninga skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Arbeidskrava må være fullført innen fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Språk: Skandinaviske språk eller engelsk 

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel