MR691 Masteroppgåve i organisasjon og leiing
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva tek vanlegvis utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva skal som hovudregel gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet. Med empirisk undersøking meiner vi innsamling av eigne kvalitative og/eller kvantitative data, dokumentanalysar, eller systematiske kunnskapsoppsummeringar med sjølvstendige analysar.
Masteroppgåva kan formidlast som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.
Oppgåva er eit sjølvstendig individuelt arbeid, eller eit arbeid i gruppe på inntil to studentar.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte
Kunnskap:
- ha inngåande kunnskap om å gjennomføre eit vitskapleg forskingsprosjekt.
Ferdighet:
- kunne avgrense og operasjonalisere ei problemstilling slik at den kan danne grunnlag for nærare empirisk gransking.
- kunne handsame empiriske data gjennom relevante metodar på ein slik måte at det kan trekkast vitskaplege slutningar frå datamaterialet.
- kunne kaste lys over eit empirisk materiale gjennom relevante teoretiske perspektiv på ein slik måte at det syner sjølvstendig tileigning av abstrakt kunnskap.
- kunne presentere empiriske data og analytiske resonnement på ein systematisk måte, og gjennom dette vise at han/ho har tileigna seg eit akademisk språk og klar framstillingsform.
Generell kompetanse:
- Etter avslutta emne skal studenten på eit sjølvstendig grunnlag kunne gjennomføre eit vitskapleg forskingsarbeid.
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha gjennomført alle føregåande emne i studieplanen for master i organisasjon og leiing.
Undervisnings- og læringsformer
Kvar student får tildelt ein rettleiar. Undervisninga skjer i stor grad gjennom individuell rettleiing. Der to studentar skriv i lag, blir det tildelt ein rettleiar for begge. I tillegg skal studenten legge fram to arbeidskrav. Det første arbeidskravet er ein munnleg presentasjon av undersøkjingsopplegget. Det andre arbeidskravet er ein munnleg presentasjon av analyse og funn i masterprosjektet. Begge arbeidskrava blir lagt fram på samlingar for/med medstudentar og fagtilsette ved HVL. Aktiv deltaking på slike samlingar er ein føresetnad for å få utbytte av rettleiing. Kontakt med rettleiar/faglærar kan skje via elektroniske medium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav 8: Munnleg presentasjon av undersøkjingsopplegg for masterprosjektet
Arbeidskrav 9: Munnleg presentasjon av analyse og funn i masterprosjektet
Arbeidskrava skal vere godkjende før studenten kan levere endeleg oppgåvetekst til sensur. Emneansvarleg/programansvarleg godkjenner arbeidskrav.
Dersom tema for masteroppgåva blir grunnleggjande endra, må arbeidskrav 7 og 8 gjennomførast på ny.
Vurderingsform
Oppgåve
Masteroppgåve. Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".
Oppgåveteksten skal følgje bestemte formalkrav som vert gjort kjende gjennom seminar, rettleiing og informasjon i Canvas.
Oppgåva kan enten skrivast individuelt eller to studentar kan skrive ilag.
Ved stryk kan omarbeidd tekst leverast neste gong eksamen blir arrangert.
Det er ikkje høve til å få vurdert ei revidert masteroppgåve i det same studieprogrammet når studenten tidlegare har fått vurdert si oppgåve med greidd resultat.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MR690 - Masteroppgåve med metode - Reduksjon: 28,5 studiepoeng
- MR690 - Masteroppgåve i organisasjon og leiing - Reduksjon: 28,5 studiepoeng