Hopp til innhald

MS1-307 Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt ei problemstilling knytt til helse¿ sosial eller idrettsfaglege tenester. Den kan gjerne vere knytt til eit område studenten har erfaring med. Med bakgrunn i ein prosjektplan skal studentane gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid. Det er ein føresetnad at det vert gjennomført ei empirisk undersøking, teoretisk analyse eller metaanalyse knytt til det valde problemområdet. Masteroppgåva kan formidlast som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: 

Studenten…

  • kan gjere greie for sentrale teoriar og metodar innanfor fagområdet og arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing.
  • kan analysere og stilla seg kritisk til relevante teoriar, nasjonal og internasjonal forsking på det aktuelle forskingsområdet.

Ferdigheiter :

Studenten…

  • har inngåande kunnskap om forskingsprosessen sine ulike delar.
  • kan bruke relevante forskingsmetodar i eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid.
  • stiller seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytter desse til å strukturere og formulere faglege resonnement.

Generell kompetanse: 

Studenten kan...

  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande lover og vitskaplege og forskingsetiske normer og formidle kunnskap frå dette.
  • arbeide analytisk og lede innovasjon og tenesteutvikling.
  • bidra med kunnskapsbaserte argument i velferdsdebatten knytt til fagfeltet samhandling og folkehelse.
  • kvalifikasjonar for vidare forskarstudium .     

Krav til forkunnskapar

Bestått emnene MS1-320, MAMET500, MS1-323, MS1-325 og MS1-328

Undervisnings- og læringsformer

Med bakgrunn i tema og problemstilling får studenten tildelt ein rettleiar. Den individuelle rettleiinga baserer seg på at studenten sjølv tek ansvar for progresjon i arbeidet. Det blir lagt opp til felles seminar undervegs der studentane skal legge fram og drøfte arbeidet sitt med studentar og rettleiarar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende før studentane kan levere masteroppgåva.

  1. Innlevering av prosjektplan 
  2. 90 % nærvær deltaking på seminar med presentasjon av prosjektet undervegs for rettleiarar og andre studentar.

Vurderingsform

Individuell masteroppgåve. 

Vurderingsuttrykk 

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.

Ny eksamen 

Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten bearbeida masteroppgåve til ny eksamen i påføljande semester

Det er ikkje tilgang til å levere ny eller bearbeida masteroppgåve ved bestått resultat.