Hopp til innhald

OR6-2000 Entreprenørskap og innovasjon

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Omgrepsavklaring: Kva er entreprenørskap? Kva er innovasjon? Kva kjenneteiknar entreprenørskap og innovasjon innanfor reiselivsnæringane? Statistikk: Korleis står det til med entreprenørskap og innovasjon i Noreg? Teoriar om innovasjon og entreprenørskap på to nivå:

  • kontekst: Innovasjonssystem, klynger, nettverk (sosial kapital)
  • bedrifter - entreprenøriell orientering

Dynamikk - endrings-/utviklingsprosessar: Kunnskap: Utvikling, spreiing, læring på ulike nivå.

  • støtteapparat: Næringsutvikling - kva er oppgåvene til ulike aktørar?
  • drivkrefter - barrierar
  • innovasjonsprosessar i bedrifter (intraprenørskap)
  • entreprenørielle prosessar (frå idé til oppegåande bedrift)

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal 

  • kjenne det teoretiske grunnlaget for problemstillingar innan entreprenørskap og innovasjon
  • forstå faktorar som er avgjerande for å lukkast med næringsutvikling, både i enkeltverksemder og på lokalt og regionalt nivå. Døme i undervisninga vil i stor grad bli henta frå reiselivsnæringa.
  • ha kjennskap til korleis ein kan nyttiggjere seg av verkemiddelapparatet og andre eksterne ressursar

Ferdigheiter:

Studenten skal

  • kjenne til og ta i bruk verktøy for å analysere konkrete case innan området entreprenørskap og innovasjon
  • tenkje kritisk, reflektere og stille spørsmål til dei teoriane som finst og til den forskinga som vert gjort

Generell kompetanse:

Studenten skal

  • ved å forstå rolla innovasjonsaktivitetar har for generell økonomisk utvikling trekke koplingar til, og sjå det i samanheng med, kompetanseutbytte frå andre økonomiske fag
  • supplere kompetansen av bedriftsøkonomiske og makroøkonomiske fag for økonomi- og reiselivsstudia ved å få auka forståing av korleis entreprenørskap speler ein rolle for økonomisk utvikling og auka innovasjonsaktivitetar på både bedriftsnivå og makronivå

Krav til forkunnskapar

Ingen krav til forkunnskapar. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen. 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, øvingar, seminar. Studentane blir forventa å vere aktive gjennom å stille spørsmål, svare på spørsmål og å vise evne og vilje til kritisk refleksjon over fagstoffet. I undervisninga blir det lagt vekt på å formidle verktøy eller modellar som kan brukast til å skildre og drøfte konkrete case (t.d. knytte til nyetableringar, lokal næringsutvikling eller regionale innovasjonssystem).

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt arbeidskrav som krev skriftleg innlevering. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel. 

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • OR6-211 - Næringsutvikling og omstillingsarbeid - Reduksjon: 5,5 studiepoeng