Hopp til innhald

PHD914 Kroppsleg danning

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet er ein valfri del av PhD-studiet: Studiar av danning og didaktiske praksisar. Det er retta mot studentar som ønskjer ei vidare fordjuping i samspelet mellom teori og praksis der spørsmål om kroppsleg danning står sentralt.

Mennesket lever livet gjennom kroppen og er avhengig av bevegelse og eit variert kosthald for å vera til. Slik rører tema om kropp, bevegelse og kosthald ved grunnleggjande og eksistensielle vilkår som knyter seg til danning med spesielt fokus på endringsprosessar. Korleis handlar mennesket, korleis blir det forma og korleis er det med på å forma seg sjølv og omverda, er spørsmål som ligg til grunn for emnet. Frå slike spørsmål følgjer anvende diskusjonar om korleis kropp, bevegelse og kosthald blir forstått, operasjonalisert og erfart i ulike didaktiske praksisar og korleis og kvifor danningsdimensjonane er sentrale. Fagspesifikke problemstillingar om det samanvevde forholdet mellom teori og praksis blir vektlagt.

Emnet er ramma inn av ulike måtar å snakka og skriva om danning og didaktikk på innanfor fagområda folkehelse, utdanning og trening. Emnet går ut frå eit metaperspektiv der grenseoppgangar mellom fagområda sine omgrep, praksisar og vitskaplege tradisjonar blir utforska. Dette dannar grunnlag for ein debatt om danning. Det skal òg gje deltakarane i emnet rom til å utvikle eit sjølvstendig og kritisk perspektiv på didaktiske praksisar der kropp, bevegelse eller kosthald står sentralt. 

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • er i kunnskapsfronten om korleis eige forskings- og utviklingsarbeid knyter seg til diskusjonar om danning og didaktikk på tema om kropp, bevegelse eller kosthald
  • kan bidra til utvikling av ny kunnskap, nye teoriar, metodar, tolkingar og dokumentasjonsformer i faglege samanhengar som handlar om folkehelse, utdanning eller trening.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan formulere problemstillingar, planlegge og gjennomføre forskings- og utviklingsarbeid på tema om kropp, bevegelse eller kosthald
  • kan handtere komplekse faglege samanhengar innanfor eige forskings- og utviklingsarbeid og utfordre etablert kunnskap eller praksis på fagområde som folkehelse, utdanning eller trening

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan identifisere og handtera med fagleg integritet relevante etiske problemstillingar som gjeld kunnskapsutvikling om kropp, bevegelse eller kosthald i eit tverrfagleg danningsperspektiv.  
  • kan drøfte og formidle fagstoff om folkehelse, utdanning eller trening til allmenta, studentar eller til fagfeller gjennom etablerte nasjonale og internasjonale kanalar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga i emnet føregår vanlegvis over eitt semester. Den kan også gjennomførast over ein kortare og meir intensiv periode for å gjera det aktuelt for studentar frå andre institusjonar å delta. Førelesingar, seminar, rettleiing og verkstader er ein del av undervisningsformene. Det er lagt opp til at studentane skal delta aktivt i emnet med mindre framlegg som er knytt til eige PhD-prosjekt og faglitteratur i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Munnleg presentasjon av utkast til kort vitskapleg tekst.

Arbeidskrav blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsform

Kandidatane skal skriva ein vitskapleg tekst på mellom 3000 og 3500 ord som er knytt til sentrale problemstillingar i emnelitteratur og eige PhD-prosjekt.

Karakterskala: greidd/ikkje greidd.

Vurderinga blir gjort av intern og ekstern sensor i tråd med læringsutbytteskildringar i emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle 

Meir om hjelpemiddel