Hopp til innhald

PL491 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Oppgåva kan vere naturvitskapeleg eller ha planfagleg karakter. Oppgåva må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og -kapasitet ved Instituttet, og kan bli knytt opp mot oppdrag og forskningsprosjekt som instituttet er engasjert i, eller i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studenten skal kjenne til dei viktigaste fasane i gjennomføring av eit sjølvstendig prosjektarbeid.
  • Studenten skal ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde.

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid.
  • Studenten skal kunne gjennomføre innsamling av datamateriale.
  • Studenten skal kunne gjennomføre syntese-/analysearbeid.
  • Studenten skal kunne presentere eit sjølvstendig arbeid skriftleg og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar.
  • Studenten skal kunne søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar.
  • Studenten skal kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.

Generell kompetanse

Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve skal kandidaten kunne gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige naturfaglege, landskapsøkologiske, samfunnmessige og planfaglige tema. Kandidaten skal kunne å definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte, inkludert kjeldekritikk, og vere i stand til å kunne gi ei balansert framstilling av temaet. Kandidaten veit korleis ein fagrapport skal byggast opp og presenterast, og kunne formidle hovudtrekka i ein fagrapport på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på bachelorseminar i januar.

Munnleg gruppepresentasjon av Bacheloropgåva før innleveringsfristen.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve.

Karakterskala: A-F.