PPUA301 Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet skal bidra til at studentane tileignar seg ei forståing for læraren sine oppgåver og roller i møte med einskildelevar og elevgrupper. Studiet tematiserer læring og utvikling gjennom tileigning av kunnskap, ferdigheiter og generell danning. Samtidig legg emnet til rette for at studentane skal kunne utvikle seg til autonome lærarar som gjennom å samhandle med kollegaer kan gjere seg nytte av sitt profesjonelle handlingsrom.
Følgjande tematikk er løfta fram som felles for alle studiestadane
- Skulen sin historie, mandat, oppgåver og innhald
- Læring og utvikling
- Tilpassa opplæring
- Vurdering
- Psykososialt læringsmiljø
- Læraren sin profesjonskompetanse
- Læringsteknologi
- Profesjonsetikk
Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er ei utforskande tilnærming til læring.
Læringsutbytte
Alle læringsutbytta frå rammeplanen vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:
Kunnskapar
Studenten:
- har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
- har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
- har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag
- har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar
Ferdigheiter
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
- kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eigen læring og eigen fagleg utvikling
Generell kompetanse
Studenten:
- har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet gjer bruk av ei rekke studentaktive lærings- og arbeidsformer. Kva arbeidsformer som vert tatt i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det vert arbeidd med. Emnet følgjer intensjonen i dei nasjonale retningslinjene når det gjeld undervisning og studentane må rekne med å delta i ulike aktivitetar knytt til læring og profesjonsutvikling.
Studentane vert inviterte til ei vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal gjennomføre og få godkjent 5 arbeidskrav i emnet.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjent for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 6 dagar. 4500 ord +-10%
Karakterskala: Bestått/ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel