Hopp til innhald

RE6-1001 Grøn destinasjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet tek føre seg teoriar, teknikkar, prosessverktøy og metodar for å arbeide praktisk med berekraftig destinasjonsutvikling og heilskapleg reiselivsplanlegging. Emnet tek bl.a. føre seg overordna planlegging og utvikling i reiselivet, og kunnskap om og styringssystem og reiselivsorganisering for handtering av økonomiske, fysiske, miljømessige og kulturelle utfordringar knytt til reiselivsutvikling.

Emnet tek føre seg eit heilskapleg, berekraftig perspektiv på områdenivå (region/reisemål) og korleis lage ein reiselivsplan , prosessen kring det og kva interessentar som bør vere med. 

 

Fylgjande tema er sentrale i emnet:

  • destinasjonsutvikling - metodar, analysar, verktøy og prosess
  • reiselivsplanlegging- og utvikling (globalt/internasjonalt-, nasjonalt-, regionalt-, og lokalt nivå)
  • marknadsføring av reisemål, både nasjonalt og internasjonalt
  • innføring i prosjektutvikling, prosjekt- og prosesstyring i reiselivet (prosjektleiing)(PLP-metoden)
  • organisering av reiselivet ¿ ulike nivå og funksjonar
  • berekraftig reiselivsutvikling ¿ innhald og prinsipp. Ulike prinsipp og mål for berekraft
  • miljømessige, sosiokulturelle, kulturelle og samfunnsmessige verknader av reiselivet

Læringsutbytte

Etter fullført emne vil: 

Kunnskapar:

- studenten vite korleis og kvifor ein bør utvikle eit berekraftig destinasjon  etter ein heilskapleg plan 

- studenten ha kunnskap kring destinasjonars livssyklus 

-  studenten sjå utfordringar knytt til berekraftig destinasjonsutvikling og reiselivsplanlegging , både på bedriftsnivå men og på reisemålsnivå. 

Ferdigheiter: 

- studenten nytte prosessverktøy og metodar for oppstart, organisering og gjennomføring av berekraftige destinasjons- og reiselivsplanprosessar/-prosjekt

- studenten nytte undersøkings- og analyseverktøy for evaluering av reisemål

- studenten kunne nytte metodar og verktøy for implementering og gjennomføring av utviklingstiltak som produktutvikling/næringsutvikling på ulike reisemålsnivå

- studenten kunne nytte verktøy og metodar for å kunne setje i gong og arbeide med heilskapleg reisemålsutvikling av destinasjonar, kommunar og regionar til ein reiselivsplan. 

Generell kompetanse

- studenten skal kunne starte og fullføre  ein planprosess for reisemål. 

- studenten skal kunne utvikle eit reisemål etter berekraftige prinsipp.  

 

-

Krav til forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, sjølvsstudium, seminar, gjesteførlesingar og øvingsoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal gjerast i grupper på 2-4 personar. 

Eit arbeidskrav er gyldig for alltid 

Vurderingsform

Heimeksamen , ei veke (7 døgn)  i gruppe  på 3- 4 personer- vekting 100%

Bokstavkarakter.

Alle hjelpemiddel tillatt

Hjelpemiddel ved eksamen

Alt tillatt

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-103 - Reiselivsplanlegging og berekraftig reiseliv - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • RE6-103 - Reisemålsutvikling - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • FØS8201 - Grøn destinasjonsutvikling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng