RE6-2003 Temabasert reiseliv
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Innhald
Dette emnet tek føre seg korleis bedrifter og organiasasjoner kan møte dagens konkurranse ved å utvikle nye produkt og opplevingar innan tema- og nisjebasert reiseliv innan ei berekraftig råme. Døme på tema er kulinarisk turisme, fototurisme, mørk turisme, slektsturisme osb.
Læringsutbytte
Kunnskap
At studentane har kunnskap om:
- Om sentrale tema innan temabasert reiseliv som t.d. helse, transport, mat-og drikketurisme, slektsgransking og andre typar turisme med utgangspunkt i natur- og kulturarven vår.
- Bruk av historier i temabasert reiseliv og opplevingsnæringane
- Korleis teoretiske rammeverk og dramaturgi blir nytta i produktutvikling
- Kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor området temabasert reiseliv
- Historia, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet til faget temabasert reiseliv
Ferdigheiter
At studentane skal vere i stand til å:
- Finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og legge det fram
- Skape meiningsfulle produkt og opplevelser innan temabasert og nisjebasert reiseliv
- Identifisere problemstillinger og finne, vurdere og vise til informasjon og faglitteratur som kan løyse ei problemstilling
Generell kompetanse
Studentane skal vere i stand til å :
- Finne og bruke ressursar, både materielle og imaterielle som bygningar, tekst, informasjon og personlege historier, evaluere og bruke det, og absorbere det til opplevingar ,
- Planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, både åleine og i gruppe innan temabaser reiseliv
- Formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skritfleg og munnleg og andre relevante utrykksformer som kan utveksle synspunkt og erfaring med andre innan same fagområde som fører til utvikling av god praksis
- Kjenne til nytekning og innovasjon innan temabasert reiseliv
Undervisnings- og læringsformer
Case, klassisk undervisning, filmar, presentasjonar, intervju, ekskursjonar, gjesteførelesingar osb.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 arbeidskrav
Vurderingsform
Heimeeksamen i gruppe (2-4 studentar) som tel 100%