RP5-401 Rusproblematikk - samansette utfordringar
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet Rusproblematikk - samansette utfordringar gir med bakgrunn i forskingsbasert kunnskap innsikt i komplekse samanhengar som rusutfordringar inngår i. Sentrale tema er rusmiddelvanskar i eit familieperspektiv, rusbruk i kjønn- og livsløpsperspektiv, rusbruk i eit samfunnsperspektiv og den samansette problematikken knytt til langvarig rusmiddelbruk. Studenten vil få kunnskap om komplekse livssituasjonar og sosiale - og helsemessige utfordringar for rusmiddelbrukarar. Dei ulike tema vert gjennomgått og diskutert med utgangspunkt i ulike faglege perspektiv.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om samanhengar mellom rusmiddelbruk og psykiske, somatiske og sosiale vanskar, og konsekvensar av desse
- har inngående kunnskap om sentrale trekk ved rusmiddelbruk til ulike grupper.
- har avansert kunnskap om sosialisering, tilhøyr og tryggleik relatert til rusmiddelbruk
- har inngåande kunnskap om arbeidsliv og meistring relatert til rusmiddelbruk
- har avansert kunnskap om kompleksiteten kring rusmiddelbruk og samansette utfordringar som langvarig rusmisbruk kan føre til
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan analysere ulike konsekvensar av rusmiddelbruk og kunne nytte relevante teoriar i sjølvstendig arbeid
- kan bruke kunnskap om komplekse samanhanger som rusbruk inngår i til å identifisere faglege problemstillingar i det kliniske arbeidet med klientar og deira familie og nettverk
- kan bruke eit differensiert perspektiv på rusutfordringar
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan med utgangspunkt i relevante teoriar, kritisk analysere rusmiddelbrukarar sitt hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
- kan bruke kunnskapane og ferdigheitene sine til å bidra til nytenking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, diskusjonar, seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver, rettleiing i gruppe og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Tilstades 80% i refleksjonsgrupper
2: Individuelt framlegg på seminar i grupper, 20 minutters varighet
Arbeidskravet er gyldig til emnet går ordinært neste semester.
Vurderingsform
Oppgåve
Individuell heimeeksamen over 12 dagar.
Omfang: 3500 ord
Vurderingsuttrykk
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Studenten arbeider vidare med opphavleg oppgåve.
Ved forbetring av karakter må heile emnet takast opp att.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel