SØ6-2001 By- og regionaløkonomi
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
1.Om regionaløkonomi
2. Regionalpolitikk og offentleg økonomi
3. Nytte- Kostnadsanalyse med fokus på lokale/regionale prosjekt
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Har kunnskap om kva forhold som styrer verksemdene sine lokaliseringsval
- Kjenner til kvifor det ofte oppstår geografiske klyngjer av næringsaktivitet
- Kjenner til teori for korleis ulike aktivitetar typisk opptar ulike område innanfor eit byområde, og korleis dette er knytt til arealprisar
- Kjenner til sentral teori for regionale arbeidsmarknader og flyttestraumar
- Vite om regionalpolitikk og offentleg sektor si rolle
- Kan gjere greie for samfunnsøkonomisk lønsemd
Ferdigheiter
Studenten:
- Er i stand til å bruke mikroøkonomisk teori til å forklare tettstadsmønstre, og har ei grunnleggjande forståing for geografiske skilnader i tomte- og bustadpriser i ein region
- Kan bidra med enkle analysar innafor regionaløkonomi
- Har ei grunnleggjande forståing for problemstillingar kopla til regionale skilnadar i arbeidsløyse, sysselsetjing og befolkningsutvikling
- Ser kva rolle lokale styresmakter har
- I stand til å gjennomføre enkle nytte-kostnadsanalysar
Generell kompetanse
Studenten:
- Er i stand til å forklare den geografiske fordelinga av økonomisk aktivitet innanfor teoriar som byggjer på generelle likevektssamanhengar
Kan handtera eit fagleg verktøy som gir ei god forståing for sentrale samanhengar i den økonomiske-politiske
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Innføringsfag i samfunnsøkonomi
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og gruppearbeid med studiekrav
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er eit skriftleg arbeidskrav.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator
Meir om hjelpemiddel