Hopp til innhald

SK151 Sjukepleiaren sitt ansvar i kvalitetsutvikling og forsking

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emne går over 3 semester.

Dei ulike tema i emnet er:

2. semester (heiltid/deltid)

  • Introduksjon til vitskapsfilosofi
  • Kunnskapsformer og vitskapsteoretiske retningar i helse- og sosialfag
  • Akademiske krav til skriftleg tekst

3. og 4. semester (heiltid) / 4. semester (deltid)

  • Vitskapsteori som grunnlag for forsking
  • Kunnskapsbasert praksis; omgrep, prosess og implementering
  • Generelle krav til spørsmålsformulering
  • Forskingsprosessen
  • Forskingsetikk

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om vitskapsteori og forskingsmetode

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan utforme ein kortare akademisk tekst
  • kan gjennomføre systematisk litteratursøk

 

Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan nytte oppgåvetekniske og etiske retningslinjer ved skriftlege studentarbeid
  • kan vurdere og nytte forsking for å belyse ei problemstilling
  • har kjennskap til forskingsetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

2. semester:

  • Frammøte på undervisning om vitskapsfilosofi og vitskapsteori
  • Frammøte på undervisning om akademisk skriving

Vurderingsform

Heimeeksamen i gruppe. Vurderast til greidd/ikkje greidd.