Hopp til innhald

SOS5-309 Sosialt arbeid - samansette livsproblem

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Studentane skal ha kjennskap til psykiske lidingar, rusavhengigheit og rus- og/eller valdsproblematikk og konsekvensar for den som vert utsett for vald. Studentane skal ha kjennskap til profesjonelle familiesamtalar og om familieperspektiv på psykisk helse. Studenten skal ha kunnskap om det juridiske grunnlaget for tvang i helse- og sosialtenestene. Det vert lagt vekt på å trene studentane i å vidareutvikle kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som kan brukast i møte med menneske i vanskelege livssituasjonar og med samansett problematikk.

Breidda og kompleksiteten i tema krev at studentane har kunnskap, ferdigheiter og reflekterte haldningar. Dei vil verta utfordra på alle læringsutbytta. Ferdigheitstreninga vil særleg vera knytt til motiverande samtalar.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • har kunnskap om kjenneteikn ved brukargrupper og diagnosar ved ulike psykiske lidingar, rusavhengigheit, om samtidige psykiske lidingar og rusproblem (ROP- lidingar)
  • har kunnskap om profesjonelle familiesamtalar og om familieperspektiv på psykisk helse
  • har kunnskap om konfliktar og har kjennskap til metodar for å arbeide i konfliktfylte situasjonar
  • har kunnskap om ulike typar rus- og/eller valdsproblematikk og konsekvensar for den som vert utsett for vald
  • har kunnskap om det juridiske grunnlaget for tvang i helse- og sosialtenestene

Ferdigheiter:

  • kan arbeide med brukarar med samansette livsproblem
  • kan bruke motiverande samtale i møte med brukarar
  • kan bruke kunnskapar frå emnet i vurderinga om tiltak overfor vaksne/familiar

Generell kompetanse

  • kan reflektere over sosionomrolla i arbeidet med menneske med samansette livsproblem
  • kan reflektere over kunnskapsgrunnlaget og eigne haldningar overfor brukargruppa

Krav til forkunnskapar

Alle emna i første og andre studieår må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, ferdigheitstrening, refleksjon, seminar og gruppearbeid under rettleiing av fagtilsette. Munnleg presentasjon av skriftleg arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Gruppeoppgåve der studentane arbeider med kasus som skal presenterast for klassen.

2) Obligatorisk deltaking i undervisning i brukarmedverknad.

3) Obligatorisk deltaking i undervising i motiverande intervju/endringsfokusert rådgjeving.

Vurderingsform

Heimeeksamen. 5 dagar. Vekting: 100%.

Vurderingsutrykk: 

A - F der F er ikkje greidd vurdering

Ny eksamen:

Dersom kandidaten får karakter F skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle.

Meir om hjelpemiddel