Hopp til innhald

Å-KR130 Idrett/kroppsøving 1

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett/kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskulelærarutdanningane. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar innan leik, motorikk, dans, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskulturen. Det vert lagt vekt på fagdidaktisk forståing, vurdering i kroppsøving, medborgarskap, aktivitetslære, treningslære, bevegelseslære, anatomi, fysiologi, kroppsleg læring. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike ekskursjonar.

  • Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, leik, motorikk, friluftsliv, aktivitetslære, treningslære, anatomi, fysiologi, bevegelseslære og helse.
  • Faglege praktiske emne: Aktiviteslære 1: Leik, motorikk, idrett, dans, symjing og friluftsliv.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
  • har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskulturen
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av motorisk utvikling hos barn og unge
  • har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremmande livsstil hjå elevane
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for barn og unge
  • har kunnskap om kroppen (anatomi, fysiologi) og kroppen i bevegelse (rørslelære), spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervisning i kroppsøving
  • kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
  • kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
  • kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar om kroppen og kroppen i bevegelse og vidareutvikla desse innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving og i formidling av ulike bevegelsesaktivitetar til barn og unge
  • kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for barn og unge i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
  • kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til felles danning og identitetsskaping til elevane
  • kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis
  • kan kommunisera med ulike samarbeidspartnarar om problemstillingar knytt til kroppsøving, kroppslege læring og ulike bevegelsesaktivitetar
  • kan reflektera over fagets innhald og rolle i ein skule med elevmangfald

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:

  • Førelesing
  • Problembasert læring i grupper eller individuelt
  • Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
  • Eigenaktivitet
  • Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
  • Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
  • Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
  • Rettleiing individuelt eller i grupper

Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.

Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider. 

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent.

  • Krav om aktiv deltaking og obligatorisk frammøte frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar
  • Godkjent gjennomføring av ekskursjonar og deltaking på friluftslivsturar med overnatting
  • Godkjent praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
  • Godkjente arbeid knytt til oppgåve eksamen
  • Godkjente oppgåver knytt til individuell skriftleg eksamen
  • Godkjent praksis og oppgåve knytt til praksis

Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel, i dette emne ca 300 kr. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

  • Del 1: Oppgåve, tel 25% av endeleg karakter. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av oppgåva.
  • Del 2: Praktisk deleksamen, tel 25% av endeleg karakter.
  • Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Tel 50% av endeleg karakter.

Alle delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel