Å-KR230 Idrett/kroppsøving 2
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhold og oppbygning
Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett og kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskulelærarutdanningane. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt står utvikling av undervisningskompetanse/trenarkompetanse knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslege erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein kunne tilpassa undervisninga/treninga til den enkelte elev/utøvar sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera eleven/utøvaren si læring og utvikling og kunne gje læringsfremjande/prestasjonsfremjande tilbakemeldingar. Ein skal også læra korleis ein som kroppsøvingslærar og trenar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle/trenarrolle. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving/trening står sentralt i emnet. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike ekskursjonar.
- Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, vurdering, til passa opplæring, idrett og samfunn, forskingsmetodar og forsking og utviklingsarbeid, friluftsliv, aktivitetslære.
- Faglege praktiske emne: Aktivitetslære: Idrett, dans, symjing og friluftsliv.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
- har kunnskap om vurdering i kroppsøving
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for barn og unge
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur
- har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving og trening
- har kunnskap om kroppsøving/trening og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv
- har kunnskap om profesjonsrettet og praksisorientert forsking og utviklingsarbeid med relevans til kunnskapsproduksjon i kroppsøving
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet
- kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
- kan vurdera eleven/utøvaren si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
- kan på fagets premissar inkludera dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i ulike bevegelsesaktivitetar
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
- kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
- kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse/trenarkompetanse
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisera med elevar/utøvarar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget/trening
- kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitet i tverrfagleg perspektiv
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving, fysisk aktivitet i skulen og innan trening
- kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving
- kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Byggjer på Idrett/kroppsøving 1.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:
- Førelesing
- Problembasert læring i grupper eller individuelt
- Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
- Eigenaktivitet
- Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
- Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
- Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
- Rettleiing individuelt eller i grupper
IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.
Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent.
- Krav om aktiv deltaking og obligatorisk frammøte frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar
- Godkjent gjennomføring av ekskursjonar og deltaking på friluftslivsturar med overnatting
- Godkjent presentasjon av ein fagleg artikkel på eit seminar
- Midtvegsseminar med godkjent presentasjon knytt til FoU-oppgåve
- Godkjente skriftlege innleveringar på bakgrunn av gitte oppgåver
- Godkjent praksis
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel, i dette emne ca 2000 kr. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
- Del 1: FoU-oppgåve (7,5 studiepoeng). Tel 25 % av endeleg karakter.
- Del 2: Praktisk eksamen med munnleg der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisningsopplegg og vert høyrt munnleg i aktivitetslære, kropp, kultur, samfunn, og fagdidaktikk 3. Tel 75 % av endeleg karakter.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen
Mer om hjelpemidler