Å-SAMF215 Samfunnsfag 1b
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Samfunnsfagstudiet omfattar fagdisiplinane historie og geografi og fagområdet samfunnskunnskap. Studiet skal kvalifisere til å kunne arbeide sjølvstendig med både fagspesifikke og didaktiske utfordringar.
Faget skal settast inn i eit fagdidaktisk perspektiv. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til undervisning og didaktisk refleksjon skal studentane utvikle ein lærarrolle som fremmer samfunnsbevissthet og interesse for faget.
Faget skal bidra til at studentane kan arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene; å kunne uttrykke seg munnleg og skriftleg og kunne lese og rekne og å kunne bruke digitale verktøy.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten:
- har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet.
- har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
- har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
- har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om samspelet mellom befolkning, berekraftig utvikling, ressursar, mobilitet og globalisering
- har kunnskap om digitale kjelder og kjeldekritikk
Ferdigheiter
Studenten:
- kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
- kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Generell kompetanse
Studenten:
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellom- og ungdomstrinnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar og skriftleg arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftlege og munnlege obligatoriske læringsaktivitetar.
Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane blir spesifisert i semesterplanen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel