Hopp til innhald

Å-SAMF315 Samfunnsfag 2a

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Samfunnsfagstudiet omfattar fagdisiplinane historie og geografi og fagområdet samfunnskunnskap. Emnet skal gi økt kunnskap og innsikt i sentrale delar av samfunnsfaget og åpne for fagleg og fagdidaktisk fordjupning belyst av dei tre fagområdene.

Faget byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Internasjonale emne er sentrale. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Noko av pensum er på engelsk. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten:

  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytte til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap og mangfold
  • har djupnekunnskap om nasjonale minoritetar og urfolksproblematikk
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder, og bruke dette til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Å-SAMF115 og Å-SAMF215

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal gjennomføre to obligatoriske arbeidskrav. Oppgåve og/eller aktivitet blir vidare gjort rede for i undervisningsplanen. 

Studenten må i tillegg delta i ein aktivitet som omhandlar tema "ressursforvalting og /eller berekraftig utvikling". Oppgåva blir vidare gjort rede for i undervisningsplanen.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i utdanninga skal knytast til profesjonsfaglig digital kompetanse i et samfunnsperspektiv.  

Arbeidskrava må være fullført innen fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Skriftlege og munnlege obligatoriske læringsaktivitetar.

Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane blir spesifisert i semesterplanen.

Vurderingsform

Tre dagers heimeeksamen. Omfang inntil 3000 ord

Språk: Skandinaviske språk eller engelsk 

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel