Hopp til innhald

BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei praktisk og teoretisk fordjuping i årsrekneskap. 

Emnet legg vekt på å kombinere teori og praktisk utarbeiding av årsrekneskap i årsoppgjersprogram. Det blir fokusert på rekneskapslova og god rekneskapsskikk, inkludert rekneskapsreglar for små foretak. 

Formålet er at studentane tileignar seg kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som er verdifulle ved utarbeiding og vurdering av årsrekneskap i praksis. 

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • Har inngåande kunnskap om måling og innrekning i samsvar med god rekneskapsskikk
  • Har inngåande kunnskap om rekneskapsreglane for små føretak 
  • Har inngåande kunnskap om regelverket for utarbeiding av fullstendig årsrekneskap
  • Kjenner til rekneskapsreglane for ideelle organisasjonar
  • Kjenner til reglane for ikkje-finansiell rapportering, inkludert bærekraftsrapportering

Ferdigheitar:

Studenten

  • Kan avslutte årsrekneskap for aksjeselskap, inkludert skatt og årsoppgjersdisponeringar
  • Tabellarisk 
  • I eit årsoppgjersprogram

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan tileigne seg oppdatert og praktisk kunnskap innanfor rekneskap
  • Kan reflektere over årsrekneskapen sin verdi som grunnlag for avgjerder.

Krav til forkunnskapar

BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil variere mellom forelesing og oppgåveseminar 

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt individuelt skriftleg arbeidskrav. 

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen 7 dagar. 

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skriftelege hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-303 - Rekneskap og skatt - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ØKB3117 - Vidaregåande finansrekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 1,5 studiepoeng