BARN310 Prosjekt i barnevernsfagleg arbeid
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap og erfaring med bruk av prosjektarbeid som arbeidsmåte i barnevernsfagleg arbeid og i tverrprofesjonelle samhandlingssituasjonar. Gjennom prosjektarbeid i gruppe, skal studentane tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i deltakardemokratiske metodar, kommunikasjon, samskaping og innovasjon. Studentane skal jobbe prosjektretta, i tett samarbeid med praksisfeltet. Integrert i dette, vil studentane bli utfordra til å formulere kunnskap i spennet mellom teori og praksis. Prosjektgruppene skal gjennomføre ei undersøking med datainnsamling og analyse med mål om tenesteforbetring eller eit endringsarbeid.
Sentrale tema i dette emnet er prosjektarbeid, tverrprofesjonell samarbeidslæring, kunnskapsbasert praksis, metode i prosjektarbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskap
Studenten …
- har kunnskap om prosjektteori, prosjektorganisering og prosjektleiing.
- har kunnskap om samfunnsarbeid og endringsprosessar basert på barnevernsfagleg arbeid.
- har kunnskap om vitskapleg tenke og arbeidsmåte, samt kjennskap til fagdebattar, forsking og utviklingsarbeid med relevans for prosjektarbeidet.
- har kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i forbetringsarbeid.
- har kjennskap til nytenking og innovasjonsprosessar.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan nytte prosjektarbeid som arbeidsform.
- kan anvende kunnskap og kompetanse til å initiere eit prosjekt med relevans for barnevernsfeltet og kunne kople dette til tverrfagleg samarbeid.
- kan anvende kunnskap frå prosjektarbeid til fagutvikling, kvalitetsforbetring og tenesteinnovasjon.
- kan presentere resultat av prosjektarbeid både skriftleg og munnleg.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan planlegge, gjennomføre, grunngje, evaluere og dokumentere eit prosjektarbeid saman med andre.
- har kompetanse i samarbeid og kommunikasjon i gruppe.
Krav til forkunnskapar
Alle emne i første og andre studieår må vere bestått for å starte i femte semester (haust 3. studieår).
Tilrådde forkunnskapar
Alle emne i første studieår og tredje semester (BARN200, BARN210) og BARNP2 må vere bestått for å starte i femte semester (haust 3. studieår).
Undervisnings- og læringsformer
I dette emne vert det lagt vekt på studentaktive undervisnings- og arbeidsformer som forelesingar, seminar, rettleiing, og sjølvstendig arbeid i grupper med prosjektarbeid. Gruppene skal vere på 4 - 5 studentar. Alle grupper får tildelt ein rettleiar, og nærvær på rettleiing av prosjektarbeidet er obligatorisk. Som avslutning på prosjektperioden skal alle gruppene levere ein prosjektrapport. Godkjend rapport er grunnlag for munnleg eksamen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen
1. Prosjektseminar
2. Krav om deltaking på rettleiing av prosjektarbeidet
3. Prosjektplan for prosjektarbeidet. Omfang 1000 - 1500 ord. Innlevering skjer i grupper.
4. Prosjektrapport. Omfang 4000 - 4500 ord. Innlevering skjer i grupper.
Alle i gruppene skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat har bidratt tilstrekkelig til å få uttelling for eit felles produkt, skal dette dokumenterast fra alle gruppemedlemene og emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må da levere ei ny oppgåve til ny eksamen.
Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i 3 semester.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen på bakgrunn av prosjektrapporten. Ramma for studenten sin munnlege presentasjon er 20 minutt. Eksaminasjonen inkludert karaktergiving vert sett til totalt 30 minutt.
Vurderingsuttrykk
Bokstavkarakter A-F
Ny eksamen
Ved karakteren F må studenten gå opp til ny individuell munnleg eksamen. Dei kan arbeide vidare på prosjektrapporten.
Ved neste ordinære eksamen må heile emne takast på nytt.
Hjelpemiddel ved eksamen
Prosjektrapport med notater
Meir om hjelpemiddel