Hopp til innhald

BI436 Grønstruktur og urban vegetasjon

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gjev forståing for verdien av og funksjonane til urban grønstruktur, og øving i utforming av grøntanlegg. Det vert gjeve teoretisk innføring i grønstruktur og grøntanlegg, og teoretisk og praktisk kunnskap om lignoser og andre planter som er vanlege i norske grøntanlegg. Bruk av invaderande, framande arter vert problematisert, og det vert lagt vekt på å fremje bruk av egna viltveksande arter.

Læringsutbytte

Kunnskap 

Studenten har kunnskap om:

  • ulike typar av urbane grøne område.
  • funksjonane til og verdien av urban grønstruktur.
  • hovuddraga i den historiske utviklinga av parkar og grøntanlegg.
  • grunnprinsippa for utforming av grønstruktur og grøntanlegg.
  • dei klimatiske og økologiske krava og bruksområda til vanlege planter i norske grøntanlegg.
  • risikoen ved å nytte invaderande framande artar i grøntanlegg, og ville planter som kan nyttast som alternativ.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere om lag 200 taxa (arter/slekter) av prydplanter som vert nytta i grøntanlegg i Norge, med hovudvekt på lignoser.
  • kan velje egna planter til grøntanlegg ut frå eigenskapar ved staden og bruken av anlegget.

Generell kompetanse

  • Studenten har evne å vurdere innhald i og utforming av grøntanlegg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BI424 Botanikk grunnkurs

PL424 Rom og design

GE413 Kartlære og GIS

BI445 Økologi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar, ekskursjonar, prosjektoppgåve i utforming av grøntanlegg.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på 5-6 ekskursjonar og i 2-3 øvingsoppgåver med munnleg og skriftleg presentasjon.

Vurderingsform

1) Prosjektoppgåve i grupper, 60 %. Ved stryk eller forbetring av karakter må ny prosjektoppgåve løysast.

2) Praktisk eksamen, artsprøve , 1 time, 40 %.

Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1, prosjektoppgåve i grupper: Alle 

Del 2, artsprøve: Liste over pensumplanter

Meir om hjelpemiddel