BIDR202 Coaching og trenarrolla
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet coaching og trenarrolla skal gje studentane grunnlag for å kunne utøve bevisst leiarskap i rolla som trenar/leiar/instruktør/rettleiar/idrettspedagog. Første del av emnet bygg vidare på kunnskap om læringsteori, pedagogikk og kommunikasjon som studentane har tileigna seg i emnet Pedagogikk og coaching første studieår.
Andre del av emnet gir innsikt i leiing- og læringsteori med særleg relevans for idrettsfeltet. Studentane skal utvikle refleksjonsevne som trenar, coach og leiar. Studentane skal styrke si bevisstheit knytt til trenar- og rettleiarrolla. Fokus vil vere å gje studentane meir kunnskap om læringsteori, kommunikasjon og coaching.
Studentane skal jobbe aktivt med teoriar og metodebeskrivingar frå førelesningane i ulike praktiske settingar og kunne reflektere over si eiga faglege utøving i møte med andre.
Praksis knytt til emnet er ein punktpraksis med omfang på totalt 20 timar, som kan gjennomførast i skule eller organisert idrett. For studentar som har valt trenarutdanning i fotball skal praksisen være fotballrelatert.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kan legge fram og reflektere rundt teoriar om leiing, læring og kommunikasjon med relevans for coaching og instruktør-/ /rettleiarrolla innan idrett og trening
- har pedagogisk kunnskapsgrunnlag som mogleggjer bevisste refleksjonar og vurderingar for planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av idrett- og treningsaktivitet
- har brei forståing av teoriar og metodar knytt til idrett og coaching
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, leie og evaluere trening for ulike grupper og idrettar
- kan gjennomføre og vurdere kvaliteten i kommunikasjon knytt til idrett, læring og coaching
- kan presentere og diskutere sentrale element i treningsprosessen for utøvarar på ulike alderstrinn og nivå
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og kva kunnskap som er nødvendig for å undervise, leie, coache og vegleie andre
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre og leie aktivitet ut ifrå teoriar om læring, kommunikasjon og leiing med relevans for coaching og instruktørrolla innan idrett og trening
- kan drøfte dagsaktuelle coachingutfordringar i samband med barne-, ungdoms- og vaksenidretten
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
IDF103 Pedagogikk og coaching
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, praksis, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Parvis utprøving av coachingssamtaler med skriftlig refleksjonsnotat
- Praksis og praksislogg
Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å kunne gjennomføre og vurdere kvaliteten i kommunikasjon knytt til idrett, læring og coaching, samt reflektere over si eiga faglege utøving. Vidare er dei knytt opp til kva kunnskap som er nødvendig for å undervise, leie, coache og vegleie andre, samt å kunne gjennomføre og leie aktivitet ut ifrå teoriar om læring, kommunikasjon og leiing med relevans for coaching og instruktørrolla innan idrett og trening.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen (fem dagar).
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel