Hopp til innhald

BIDR203 Ferdigheitslæring

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet er oppteken av å forstå og gjera greie for korleis utøvarar i idrett tileignar seg ferdigheitar og kunnskapar på ulike læringsnivå og i ulike læringskontekstar. Det vert lagt vekt på å utforske spørsmål om læringsprosessar som bidreg til ferdigheitslæring frå samfunnsvitskaplege fagområde, pedagogikk og motorikk læring. Emnet ser på heilskapen i læringsprosessen til utøvarar dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert.

Praksis knytt til emnet er ein punktpraksis med et omfang på totalt 20 timer, som kan gjennomførast i skule eller organisert idrett. For studentar som har valt trenarutdanning i fotball skal praksisen være fotballrelatert.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om den heilskaplege og nøyaktige skildringa av læringsprosessen til utøvarar dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert
  • har kunnskap om teoretiske og praktiske kunnskapsformer og forholdet mellom dei i ulike idrettskontekstar
  • har kunnskap om teoriar og omgrep om ferdigheitslæring frå fagfeltet motorisk kontroll og læring, og kunne bruke denne kunnskapen i praktiske, idrettslege aktivitetar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for det samansette omgrepet "ferdigheitslæring" frå ulike teoretiske ståstader 
  • kunne beskrive ulike teoretiske perspektiv på motorisk læring 
  • kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for typiske forskings- og utviklingsarbeid innan ferdigheitslæring
  • kan gjere greie for motorisk utvikling, motorisk læring og motorisk kontroll
  • kan gjere greie for utviklingstrekk kring ferdigheitslæring i idrett
  • kan analytisk vurdere ulike rørsle- og læringsmiljø

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, praksis, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen: 

  • Deltaking på filosofisk kafé med fremlegging av gruppearbeid
  • Praksis og praksislogg

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å ha kunnskap om den heilskaplege og nøyaktige skildringa av læringsprosessen til utøvarar dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert, samt ha kunnskap om teoretiske og praktiske kunnskapsformer og forholdet mellom dei i ulike idrettskontekstar. Vidare er det knytt opp til å ha kunnskap om teoriar og omgrep om ferdigheitslæring frå fagfeltet motorisk kontroll og læring, og kunne bruke denne kunnskapen i praktiske, idrettslege aktivitetar.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel