Hopp til innhald

BIDR212 Helsepedagogikk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet Helsepedagogikk skal gje studentane eit grunnlag for å kunne utøve bevisst leiarskap i rolla som treningsvegleiar og instruktør. Første del av emnet byggar vidare på kunnskap om læringsteori, pedagogikk og kommunikasjon frå emnet Pedagogikk og coaching. Andre del av emnet ser på teoriar og metodar både knytt til endring av vaner og livsmestring og opp mot tilpasning av trening og fysisk aktivitet innen habilitering og rehabilitering.

Studentane skal jobbe aktivt med teoriar og metodebeskrivingar frå førelesingane i ulike praktiske settingar og kunne reflektere over si eiga faglege utøving i møte med andre.

Det er to praksisperiodar i emnet:

a) Tre veker samanhengande yrkespraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering

b) Treningssenterpraksis med arbeidsmengde tilsvarande ei veke 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskap 

Studenten 

  • kan legge fram og reflektere rundt teoriar om leiing, læring og kommunikasjon med relevans for  og instruktør-/vegleiarrolla innan trening og helse
  • har pedagogisk kunnskapsgrunnlag som mogleggjer bevisste refleksjonar og vurderingar for planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av idrett- og treningsaktivitet 
  • har innsikt i teoriar og metodar knytt til adfersendring og livsmestring 
  • har innsikt i sentrale perspektiver på aktivitet og deltaking i habilitering og rehabilitering

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan anvende og vurdere ulike lærings- og kommunikasjonsmetodar
  • kan nytte ulike vegleiingsteknikkar
  • kan planlegge, tilrettelegge og gjennomføre trening og fysisk aktivitet for personar med ulike behov
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving i møte med andre

 

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan gjennomføre, leie og tilpasse aktivitet ut i frå teoriar om læring og kommunikasjon med relevans for instruktør- og vegleiarrolla innan idrett og helse
  • har innsikt i, og erfaring med, ulike vegleiingsmetodar
  • har erfaring med praktisk arbeid på innan førebygging, behandling, trening og rehabilitering

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF-103 Pedagogikk og coaching

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Emnet inneheld tre veker yrkespraksis og ei veke praksis i treningssenter. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Deltaking i obligatorisk undervisning
  • Eit munnleg framlegg i gruppe
  • Parvis utprøving av vegeingsmetodikk med skriftlig refleksjonsnotat
  • For yrkespraksis er det krav om godkjent praksis, praksisrapport og deltaking på praksisseminar
  • For treningssenterpraksis er det krav om godkjent praksis

Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om å kunne a) planlegge, tilrettelegge og gjennomføre trening/aktivitet og adferdsendring og b) vise refleksjon rundt teoriar om læring, kommunikasjon, adferdsendring og livsmestring og eiga faglege utøving i møte med andre.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen (7 dagar). Eksamen vert vurdert med gradert karakter (A-F), der F er ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel