BIDR213 Folkehelsearbeid
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet folkehelsearbeid gir innføring i sentrale omgrep, teoriar og prinsipp knytt til folkehelsearbeid. Gjennom emnet skal ein lære om sentrale faktorar som kan påverke helse og livskvalitet på gruppe- og befolkningsnivå, med spesielt fokus på fysisk aktivitet. Studentane skal arbeide med korleis ein kan leggje til rette i samfunnet for å fremje helse i befolkninga og redusere sosial skilnad i helse. I løpet av emnet skal studentane planlegge og gjennomføre eit folkehelseprosjekt i samarbeid med ein kommune eller som anna prosjektarbeid.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kan gjere greie for relevante omgrep og teoriar knytt til folkehelsearbeid
- kan gjere greie for sentrale folkehelseutfordringar
- kan beskrive faktorar som påverkar folkehelsa og livskvalitet
- kan forklare ulike strategiar, sentrale prinsipp og føringar for folkehelsearbeid
- kan beskrive ulike aktørar og ulike nivå i folkehelsearbeidet både nasjonalt og internasjonalt
- kan gjere greie for viktige fasar i prosjektarbeid
- kan gjere greie for ulike målemetodar for fysisk aktivitet
- kan gjere greie for dei nasjonale anbefalingane for fysisk aktivitet og kosthald
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over etiske utfordringar knytt til folkehelsearbeid
- kan innhente kunnskap om status for indikatorar på folkehelse og faktorar som påverkar helse og livskvalitet
- kan vurdere helsefremmande og førebyggande strategiar og tiltak i lys av folkehelseutfordringar og bærekraftsmåla
- kan vurdere egna evalueringsmetodar for folkehelsetiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, vurdere, gjennomføre og evaluere eit folkehelseprosjekt basert på tileigna kunnskap og ferdigheiter
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Sentrale arbeidsformer er førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer og praktisk prosjektarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Godkjend prosjektplan (skriftleg)
- Godkjend gjennomført prosjekt
- Framlegg og refleksjon av gjennomført prosjekt (munnleg)
Vurderingsform
Emnet har to deleksamenar som går over sju dagar:
- Heimeeksamen i gruppe (vekta 50%): Video av prosess rundt eit folkehelseprosjekt
- Individuell skriftleg oppgåve (vekta 50%): Tilhøyrande individuelt refleksjonsnotat
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Ved ny eksamen leverer studenten/gruppa omarbeida deleksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel