Hopp til innhald

BIO206 Medisinsk laboratorieteknologi III

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Medisinsk laboratorieteknologi omhandlar prinsipp for ulike laboratorieanalysar og metodikk nytta i dei medisinske laboratoria på tvers av spesialitetar. For å gje studentane innsikt og forståing for medisinsk laboratorieteknologi byggjer emnet både på teori og praktiske laboratorieerfaringar.

Medisinsk laboratorieteknologi III omhandlar kvantitative instrumentelle analyser med vekt på sikring av, validering og vurdering av analysekvalitet. Emnet er delt inn i fylgjande tema:

  • Spektrofotometriske deteksjonsprinsipp.
  • Ulike elektrokjemiske deteksjonsprinsipp med fokus på ioneselektive elektrodar.
  • Biosensorar.
  • Automasjon.
  • Kalibrering og ulike standard metodar.
  • Kvalitetssikring av analyse, kvalitetssystem, intern og ekstern kvalitetskontroll og standardisering.
  • Vurdering av analysekvalitet, herunder metodevalidering, interferensstudie, holdbarhetsstudie og samanlikning av metodar.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap

Studenten

  • Kan forklare ulike deteksjonsprinsipp ved instrumentelle laboratorieanalyser
  • Kan forklare kva er ein biosensor, samt når og korleis ein bruker biosensorar
  • Kan greie ut om overordna prinsipp for automatisering og robotisering av medisinske laboratorieanalyser
  • Kan greie ut om kvalitetssikring av analyse, kvalitetssystem, samt intern og ekstern kvalitetskontroll
  • Kan greie ut om prinsipp for metodevalidering, interferensstudier og holdbarhetsstudier i det medisinske laboratoriet

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan utføre laboratorieanalyser etter gitte prosedyrer.
  • Kan anvende ulike teknikkar, utstyr og instrumentering innan medisinske laboratorieanalysar.
  • Kan utføre og vurdere ei kalibrering, samt validere prøvesvar og analysekvalitet.
  • Kan skrive ein naturvitskapeleg rapport.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre, samt gje sine medstudentar/medarbeidarar fagleg begrunna tilbakemeldingar.
  • Kan reflektere over eiga fagleg utøving, tilegne seg ny kunnskap, søke og ta imot rettleiing
  • Kan oppdatere sin kunnskap, samt dokumentere og formidle fagleg kunnskap.

Krav til forkunnskapar

Tilsvarende krav til opptak i andre studieår som definert i studieplan for bioingeniørutdanninga.

Tilrådde forkunnskapar

  • BIO200 IKT og anvendt bioinformatikk
  • BIO201 Hematologi og immunologi
  • BIO203 Medisinsk laboratorieteknologi II

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vert undervist i to modular på tre veker.

Det vert nytta ulike undervisningsformer i emnet: Studentaktive læringsformer vert vektlagde og studentane får rettleing i praktisk laboratoriearbeid, samt ved utføring av dataanalysar og rapportskriving. I tillegg består undervisningsformene av førelesningar, digitale læringsressursar, rettleia medstudent vurdering og diskusjonar.

Det er obligatorisk innlevering av oppgåvesett før ein får utføre gitte laboratorieøvingar. Det er obligatorisk oppmøte til alle laboratorieøvingane. Tidspunkt for obligatorisk oppmøte vert presisert ved undervisningsstart. Praktisk utføring av laboratoriekurs vert vurdert for godkjenning. Etter fullført praktisk arbeid i laboratorieøvingane, skal studentane levere skriftlege rapportar til fastsette tidsfristar. Studentane får tilbakemeldinger på rapportane. Studentane skal gje kvarandre tilbakemeldingar på nokre utvalgde rapportar.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjend innan gitte tidsfristar for å få vurdering i emnet.

Den digitale læringsplattforma Canvas vert nytta i emnet. Studentane leverer skriftlege arbeid på Canvas. Digitale læringsressursar er tilgjengeleg på nettsida ePraksis.no.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 2-4 digitale oppgåvesett
  • 4-6 laboratorieøvingar med praktisk laboratoriearbeid
  • 4-6 skriftlege rapportar
  • medstudent vurdering på 1-3 rapportar

Digitale oppgåvesett skal leverast individuelt. Nokre rapportar skal studentane skrive individuelt og nokre rapportar skal 2-3 studentar skrive saman, dette vert presisert ved undervisningsstart.

Godkjende arbeidskrav er gyldig i seks påfølgjande semester etter godkjenning.

Det blir berre sett opp eit laboratoriekurs i emnet. Studentar som ikkje er til stades, eller av andre grunnar ikkje får godkjend obligatorisk laboratoriekurs, vil difor ikkje kunne ta nytt laboratoriekurs i inneverande semester. Studentar som ikkje får godkjend laboratoriekurs må vente til neste gong emnet blir undervist. 

Ein student har berre rett på 2 forsøk for å få godkjend eit laboratoriekurs totalt.

Vurderingsform

Mappevurdering:

Etter endt undervisning skal studenten levere to rapportar til vurdering som tidlegare er levert som arbeidskrav:

  • Ein individuell rapport.
  • Ein grupperapport.

For store og omfattande rapportar kan utvalgte deler av rapporten verte vurdert. Tjuefire timar før frist for innlevering av vurderingsmappa, får studentane informasjon om kva arbeidskrav som skal leverast og kva deler av rapportane som vert vurdert. Informasjon om innlevering og vurdering av vurderingsmappa blir opplyst på Studentweb og Wiseflow. Vurderingsmappa leverast i den digitale vurderingsplattforma Wiseflow.

Karakterskala A-F vert nytta, der F tilsvarar ikkje greidd. 

Det vert gjeve ein individuell karakter i emnet. Når individuelt arbeid og gruppearbeid vert vurdert til ulike karakterar, slik at total vurdering fell mellom to bokstavkarakterar, vil det individuelle arbeidet vektleggjast ved endeleg karaktersetting.