BRL112 Entreprenørskapsøkonomi og finansiering
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Innhold og oppbygging:
Faget består av to deler.
1) I første del vil studentane lære på kva måtar entreprenørfinans skiller seg frå bedriftsøkonomi og om aktuelle teoriar som kan forklare oppstart og finansiering av gründerselskap. Vidare vil studentane lære om ulike bedriftsøkonomiske og entreprenørfinansielle verdsettingsmedodar for både mindre og større vekstbedrifter.
2) I andre del skal studentane utleie ein finansiell forretningsmodell rundt eit gitt case. Caset kan være ein eigen forretningsidé eller eit som vert gitt i kurset. Studentane skal lære å utarbeide og budsjettere realistiske og lønnsomme vekstscenario, samt å kunne vurdere case opp mot ulike verdisettingsmetoder.
Læringsutbytte
Kunnskap.
Studentane kjenner:
- føremålet med eit finansrekneskap
- føremålet med den finansielle delen av ein forretningsplan, pitch eller investorpresentasjon
- samanhengen mellom kostnader i ein utviklingsfase og inntekter i ein vekstfase,
- økonomisk styring og planlegging gjennom oppstartsbedrifts sin "dødens dal" og tidlig livssyklus
Dugleikar
Studentane kan:
- konkretisere og budsjette ein forretningsidé til på eit nivå som skal være tilstrekkelig for presentasjon til verkemiddelapparatet, bankar og investorar
- forstå kva særeigne utfordringane som gjeld for usikre innovasjonsprosjekt og oppstartsbedrifter med høgare grad av risiko
- gjere vurderingar av andre forretningsmodellar, oppstartsbedrifter eller vekstcase frå perspektivet til ein tilbydar av oppstart-/vekstfinansiering
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet. BRL111 - Økonomistyring for reiselivsverksemder.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og gruppeøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Delinnlevering av forretningsmodell.
Vurderingsform
Todelt vurdering:
1) Innlevering av semesteroppgave (presentasjon av forretningsidé med finansieringsplan) (50%)
2) 2-dagers heimeeksamen (50%)
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle.
Meir om hjelpemiddel