EM6-1003 Jus for eigendomsmeglarar 1
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studenten ei innføring i sentrale forretningsjuridiske tema; avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet, arbeidsrett og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs. I tillegg gis ei innføring i juridisk metode, altså korleis ein går frem for å fastleggja innhaldet av rettsreglar og løyse konkrete rettsspørsmål.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
- ha kjennskap sentrale rettsreglar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet, arbeidsrett og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs.
- ha grunnleggjande kjennskap til juridisk metode
Ferdigheiter:
Studenten skal
- kunne løyse juridiske problemstillingar innanfor emnet sitt tema.
Generell kompetanse:
Studenten skal
- ha eit bevisst forhold til minimunsrettane dei lovfesta rettsreglane gir.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåver. Oppgåvegjennomgang i plenum.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil tre skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar
Bokstavkarakter
Hjelpemiddel ved eksamen
Næringslivets lovsamling (Sverre Faafeng Langfeldt) og/eller Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidinger som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettene, og alt av EØS- og EU-rettskilde, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), og bokmål/nynorsk ordliste.
Meir om hjelpemiddel