ENB804N Engelsk 2, emne 2 - Mangfald i språk, tekst og kultur
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Engelsk 2 består av to emne på 15 studiepoeng. Dette er emne 2. Emneplanen for engelsk bygger på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanning trinn 1-7 og gjeldande læreplanverk for engelsk, LK20.
Engelsk 2 bygger på Engelsk 1 og gir større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på barnetrinnet. Det omfattar òg vidareutvikling av studentane sin eigen språkferdigheit og tekstkompetanse. Det gir ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på barnetrinnet. Engelsk litteratur vert lese i eit kulturelt og historisk perspektiv. Studiet gir djupare kunnskapar om det engelske språkets grammatiske og fonologiske struktur, i tillegg til å fokusere på kva som kjenneteiknar elevar på barnetrinnet og deira språkutvikling. Emne 2 fokuserer på det store mangfaldet i den engelskspråklege verda. Det vert fokus på språkleg og kulturell variasjon, kunnskapar om samfunnstilhøve, og interkulturell kompetanse, i tillegg til vidare fokus på mangfaldet i klasserommet gjennom tema som fleirspråklegheit og vurderingspraksis. Det vert oppmoda til kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæringa, mellom anna gjennom eit praksisretta utviklingsprosjekt.
I studiet inngår eit tilbod om studietur til Det norske studiesenteret i York. Denne er lagt til emne 2.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har god kunnskap om grammatisk og fonologisk struktur i engelsk og om tileigning av ordforråd
- har kunnskap om engelske uttalevariantar og om kulturelle konvensjonar for munnleg språkbruk
- har kunnskap om interkulturell kompetanse
- har kunnskap om engelsk som verdsspråk og kva dette betyr for utviklinga av språkleg, kommunikativ og interkulturell kompetanse
- har kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
- har god kunnskap om samfunnsliv, historie og eit rikt utval kulturuttrykk i engelsktalande land, deriblant sentrale verk i engelskspråkleg litteraturtradisjon
- har god kunnskap om struktur og språklege verkemiddel i tekstar, og om kritisk lesing
- kjenner til eit rikt utval songar, rim, litteratur, film og andre kulturelle uttrykk som kan brukast i undervisinga på barnetrinnet
- har god kunnskap om vurderingspraksis som reiskap for læring, inkludert undervegsvurdering og elevmedverknad i vurderingsprosessar
- har djupare innsikt i ulike læringsaktivitetar, arbeidsmåtar og læremiddel i engelskopplæringa, inkludert digitale ressursar, og kunnskap om ulike måtar å organisera opplæringa på
Ferdigheiter
Studenten
- kan snakka og skriva engelsk sikkert og funksjonelt i ulike sjangrar og situasjonar
- kan munnleg og skriftleg analysera, tolka og samanlikna tekstar for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon
- kan velja ut og legga til rette for arbeid med engelskspråklege tekstar for born på ein variert, utfordrande og inspirerande måte, samt bruka eit presist og tilpassa omgrepsapparat i arbeidet med tekstane
- kan legga til rette for elevar si læring om og vidare utforsking av samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i engelsktalande land med vekt på samanlikning med eigen kultur, blant anna i tverrfaglege prosjekt
- kan planlegga, organisera, gjennomføra og kritisk vurdera varierte og differensierte læringsaktivitetar, som fremjar djupnelæring, integrering av ulike språkferdigheiter, dei tverrfaglege tema i engelskfaget og utviklinga av dei grunnleggande ferdigheitene
- kan legga til rette for ein heilskapleg vurderingspraksis og bruka undervegsvurdering for å rettleia elevar i engelskopplæringa
- kan vurdera kritisk eigen fagleg praksis i forhold til gjeldande læreplan i engelsk for grunnskulen og gjennomføra eit praksisretta utviklingsprosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- har høg engelskspråkleg kompetanse
- kan reflektera kritisk over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for born og unge sin personlege vekst og faglege utvikling
- kan arbeida sjølvstendig og saman med andre for å identifisera, analysera og løysa problem knytt til engelskfaget
- kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktiske kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking
Krav til forkunnskapar
Engelsk 1 (30 studiepoeng)
Tilrådde forkunnskapar
Engelsk 2, emne 1 (ENB803N) eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er nettbasert, og undervisinga er både synkron og asynkron. Det vert nytta ulike digitale ressursar og arbeidsmåtar i faget, som legg vekt på varierte og studentaktive læringsformer. Dette gir studentane erfaring med digitale ressursar og arbeidsmåtar, i tillegg til å legga til rette for refleksjon kring kva digitale omgjevnader har å seia for læring i engelskfaget. Nokre døme kan vera førelesingar, individuelt og gruppearbeid, omvendt undervisning, drøftingar, samskriving, og formativ vurdering. Studentane sin eigen klasseromspraksis vil òg vera sentral i emnet, og emnet inneheld eit større didaktisk utviklingsprosjekt.
All undervising i faget er på engelsk, og øving i både munnleg og skriftleg engelsk er sentralt i studentane sitt arbeid med faget. Det som vert formidla i undervisinga, kan komma i tillegg til det som står på pensumlista og vert rekna som pensum. Ikkje alle tekstane vert gjennomgått, og ein må rekna med ein del sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Utkast til semesteroppgåve knytt til språk- eller litteratur/kulturdidaktikk
- Førebu, gjennomføra og evaluera kunnskapsdeling i eige kollegium, knytt til eit emne i språk- eller litteratur/kulturdidaktikk. Studenten vel motsett område av semesteroppgåva
Det vil bli gitt retningslinjer for kvar læringsaktivitet. Minst ein av læringsaktivitetane må vera knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium og minst ein frå leiinga.
Læringsaktivitetane må vera godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet, kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester. Godkjent læringsaktivitet er gyldig i tre påfølgjande semester.
Vurderingsform
Del 1: Semesteroppgåve, 2500-3000 ord. Tel 60 % av endeleg karakter.
Del 2. Individuell munnleg eksamen, 30 min. Tel 40 % av endeleg karakter.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Del 1 Semesteroppgåve: Alle
- Del 2: Munnleg eksamen: Ingen